Laksemillionæren frifunnen i retten

FRIFUNNE: – Vi er glade, men ikkje overraska, seier Ola Braanaas.

FRIFUNNE: – Vi er glade, men ikkje overraska, seier Ola Braanaas. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Firda Seafood slepp å betale bota på 2 millionar.

DEL

Nordhordland tingrett har frifunne laksemillionær Ola Braanaas sitt selskap Firda Sjøfarmer AS på alle punkt i straffesaka mot selskapet etter at det i mars 2012 oppstod hol i noten på eit av oppdrettsanlegga deira i Gulen, og om lag 123 000 oppdrettsaurar rømde, skriv Firda.

Les også: Firda Seafood har gjort storinvesteringar for å overvinne lusene

Påtalemyndigheita meinte selskapet nytta utstyr som ikkje var tilpassa forholda på staden, samt utstyr som kunne gi slitasje på noten. Politiet gav Firda Sjøfarmer eit førelegg på to millionar kroner for brot på mellom anna akvakulturlova, internkontrollforskrifta og forskrift om krav til teknisk standart på utstyr. Dagleg leiar og eigar Ola Braanaas sette seg imot å betale bota, då han meinte selskapet ikkje hadde gjort noko gale. Saka vart teken til retten, kor sjøfarmane vart frifunne på alle punkt. Staten vart dømd til å betale 180 000 kroner i sakskostnader.

LES OGSÅ: Frå dette rommet fôrar Elisabeth og Marte tusenvis av fisk

– Vi er glade, men ikkje overraska, for at tingretten så klart og tydeleg slår fast at Firda Sjøfarmer ikkje har gjort noko straffbart, seier Braanaas i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Laksekongen nektar å betale millionbota

Artikkeltags