Wergeland Base AS får 4,3 millionar kroner i støtte

Wergeland Base AS i Gulen er eitt av tjue kaianlegg som får millionstøtte frå Enova i denne omgang.

Wergeland Base AS i Gulen er eitt av tjue kaianlegg som får millionstøtte frå Enova i denne omgang. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Wergeland Base AS i Gulen industrihamn er eit av tjue kaianlegg som får millionstøtte av Enova for gode miljøtiltak.

DEL

Wergeland Base AS i Gulen industrihamn får 4.332.600 kroner frå Enova. Det skjer i samband med at Enova deler ut 118 landstraum-millionar til utbygging av landstraum til fartøy som ligg ved kai, og prosjektet i Gulen er eit av 20 prosjekt som får millionar til å redusere utslepp frå skip.

– Landstraum er ein viktig del av den omstillinga som maritim næring må gjennom. Heile sju prosent av klimagassutsleppa frå sjøfarten skjer medan skipa ligg heilt i ro ved kai, så landstraum kan kutte store utslepp. Det bygger dessutan opp under batterirevolusjonen til sjøs, der anlegg på land med tida også vil lade skipa, seier administrerande direktør Nils Kristian Nakstad i Enova i ei pressemelding tysdag.

Støtta frå Enova vert organisert som konkurransar, der ein kan søke om midlar. Enova er eigd av Olje- og energidepartementet og finansieringa skje via tildelte midlar frå Energifondet og eit kostnadspåslag på straumrekninga.

Artikkeltags