Lemaitre kjem til Utkant

Den norske elektronikaduoen Lemaitre består av Ketil Jansen og Ulrik Denizou Lund.

Den norske elektronikaduoen Lemaitre består av Ketil Jansen og Ulrik Denizou Lund. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Måndag annonserte Utkant at den norske elektronikaduoen Lemaitre skal spele på festivalen laurdagen.

DEL

– Norsk musikk har for alvor festa grepet om resten av verda dei siste åra. Det er takka vere band som Lemaitre, meiner festivalsjef Viggo Randal.

Den Los Angeles-busette duoen er straks aktuell med sin nye singel «Higher» feat Maty Noyes. Frå før kan bandet skilte med singlar som «Closer”, “Stepping Stone» og «Playing to Lose». 

Trur på topp stemning

– Bandet har oppnådd massiv suksess dei siste åra med sine popperler. Bandnamnet er kanskje ikkje kjent for alle, men fyrer du låtane opp på musikkspelaren, garanterer eg at dette er låtar du kjenner og har høyrt mange gonger. Lemaitre sine singlar gir stemninga av sol, sjø og Utkant meir enn noko anna, meiner Randal.

Lemaitre har over ein million følgarar på SoundCloud, og duoens deira frå 2012, «Relativity 2», gjekk til topps på iTunes Electronic Chart i USA og Canada. Dei har i løpet av dei siste åra blitt lovprisa av artistkollegaer som Porter Robinson, Madeon og Kygo, noko som også har resultert i fleire spennande samarbeidsprosjekt. Lemaitre blei mellom anna invitert med på Porter Robinson sin USA-turné i 2014. I tillegg til tung radiorotasjon dukkar musikken deira stadig opp i tv-seriar og reklame, opplyser Utkant-festivalen i ei pressemelding måndag.

Hellbillies, Bjella og OnklP

– Førehandssalet ligg på nivå med i fjor, opplyser marknadsansvarleg Linn Dyveke Wilberg. I fjor var det rekordsal heilt fram til ei veke før festivalen, då vêret såg ut til å skremme folk.

Frå før er Sigrid, Hellbillies, OnklP & De Fjerne Slektningene, Stein Torleif Bjella, The Dogs, Silvana Imam, StoreP, Elsa & Emilie og Honeyblood klare for Utkant 27.-30. juli.

Artikkeltags