Johny Birkeland transport er seld

Artikkelen er over 4 år gammel

Skal ta Gulen-firmaet sine idear til Sverige og Danmark. – No vert me rigga for enno meir vekst, seier bedriftseigaren.

DEL

Trass i at Johny Birkeland transport AS hadde eit rekordår i 2014 med ei omsetting på heile 117,4 millionar kroner og eit resultat på 28,4 millionar kroner. 2015 teiknar til å nå ei like god omsetting i år, men resultatet vert ikkje fullt så bra.

Men no slår dei seg saman med konkurrenten Norva 24.

– No vert me rigga for enno meir vekst og me får tilgang til eit større system med meir kapital, seier Kenneth Birkeland til avisa Nordhordland.

LES OGSÅ: Oljekrisa i Nordhordland: – Lettare å få tak i kvalifiserte folk no

175 køyretøy, 250 tilsette

Norva 24 er eit ferskt selskap som vart stifta i april 2015. Då gjekk Aqua Power, Sandnes Transport, Spyleteknikk, Aqua Power Vest samt Norsk Vacuumgraving saman. I august kom og Septik & Miljøservice og Østfold Höytrykk med i konsernet.

Norva 24 har fram til oppkjøpet av Septik 24, som mellom annan inneheld Johny Birkeland transport AS hatt hovudmarknaden sin rundt Oslo, Austfold og Vestfold. No vert dei altså store på Vestlandet også.

Her kjem alle bilane til Johny Birkeland Transport AS i ein einaste lang konvoi. VIDEO: Johny Birkeland Transport AS:

Norva 24 på si side er mellom anna eigd av det svenske investeringsselskapet Valedo.

Det nye selskapet vil ha 175 køyretøy i bilparken og rundt 250 tilsette. Rundt 40 av køyretøya og 76 av dei tilsette kjem frå Sløvågen.

– Kva vil dette ha å seia for dei tilsette i Johny Birkeland transport (JBT)?

– JBT vert vidareført som eige juridisk selskap, også konsernet me er med i, Septik 24 vil leva vidare, seier han.

– Alle dei tilsette vil halda fram i sine roller og stillingar i JBT, seier Birkeland.

Birkeland trur at det vil koma fleire arbeidsplassar i Sløvågen som følge av samanslåinga.

LES OGSÅ: Teikna på servietten

Fleire arbeidsplassar til Gulen

– All HMT i konsernet vert lagt til Sløvåg, der ha me eit oppegåande system per i dag. Det kan fort bety to-tre arbeidsplassar hit, seier han.

Planen er og å fusjonera inn ei avdeling frå eit selskap i Haugesund inn under JBT si avdeling på Stord. Det betyr at dei får tilført fire-fem nye arbeidsplassar.

Kenneth Birkeland vil ikkje ut med summen dei fekk då dei vart kjøpt opp.

– Me har ikkje lov til å gå ut med transaksjonssum eller kor mykje me får for dette, seier han.

– Er det lov å seia at du vert dritrik no?

– Hehe, nei, det vil eg ikkje seia noko om, seier han.

– Men me kjem til å reinvestera betydelege beløp inn i det nye konsernet, og eigarane av Septik24 vert og dei største private eigarane av Norva 24, seier han.

Men kor stor eigarandelen vert, det vil dei ikkje gå ut med enno.

– Det får me ikkje seia noko om før rekneskapen for 2015 er klar. Men me vert dei største private eigarane, gjentek han.

Birkeland seier dei har leita etter ein ny eigar i eit års tid no.

– Me såg at markanden var i endring og at det var konsolideringar på gang i vår bransje. Og ut frå slik marknaden er, der me er sugen på meir vekst, var dette naturleg, seier Birkeland.

LES OGSÅ: Gulen-firma kjøpte superbil

Framleis lokal styring

– Me føler det er rett å gjera det. Me er vorte så store og me veks så fort og marknaden vert meir og meir krevande, meiner han.

Det var fleire interessentar inne, tidlegare i prosessen.

– Men det var Norva 24 som hadde den matchen me var ute etter med ein filosofi om vidare vekst, byggja på det lokale og det som har vore, seier han.

Det vil framleis verta lokalt sjølvstyre.

– Me kjem ikkje til å verta detaljstyrte, seier han.

Han fortel at Norva 24 har store planar om å ta JBT sitt konsept med innsamling av septikkslam og industrireingjering til Sverige og Danmark.

Dei tilsette vart informert måndag ettermiddag og tysdag morgon.

LES OGSÅ: Over 15 arbeidsgjevarar skal visa seg fram

Artikkeltags