Fedje fryktar fråflytting: – Vår største skrekk

SENTRALISERING: – Vi som bur ute i distriktet opplever at det er lengre frå Knarvik til Solund enn frå Solund til Knarvik, det er noko der, seier Fedje-ordførar Kristin Handeland.FOTO: Morten Sæle

SENTRALISERING: – Vi som bur ute i distriktet opplever at det er lengre frå Knarvik til Solund enn frå Solund til Knarvik, det er noko der, seier Fedje-ordførar Kristin Handeland.FOTO: Morten Sæle

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

MELAND: – Vi er livredde for at samanslåing skal gje yttarlegare fart til fråflyttinga.

DEL

Det var mellom argumenta som kom fram då sterke og svake sider med kommunesamanslåing vart diskutert mellom dei ni kommunane onsdag.

– Å mista sentrale stillingar, som rådmann, teknisk sjef, og liknande. er det største skremselet vi har, seier Fedjeordførar Kristin Handeland. Negative konsekvensar av sentralisering var eit tema fleire tok opp.

LES OGSÅ: Austrheim-ordføraren undrande til utspel om kommunesamanslåing

– Vi som bur ute i distriktet opplever at det er lengre frå Knarvik til Solund enn frå Solund til Knarvik, det er noko der, seier Handeland.

– Forklaringa er at vi frå Solund kan ferjerutene, kjem det kjapt frå salen.

Av positive sider vart større tyngde trekt fram som eit vesentleg punkt. Ein større kommune opnar for eit større kommunestyre med breiare samansetning.

– Ein storkommune vert ein større regional makt, og ein faktor å ta hensyn til i høve fylket, ein tyngre aktør, var mmellom innspela.

LES OGSÅ: – Sjå på nabokommunane

Lettare politiske prosessar vart og trekt fram, der ein får eitt kommunestyre i staden for ni, der Nordhordlandspakken vart trekt fram som eit døme på ein politisk prosess som hadde vore vesentleg lettare å handsama i ein storkommune.

Mindre personleg kjennskap og kontakt med den enkelte politikar vart òg trekt fram som ein svak side i ein storkommune. men enkelte hevda og at dette kan vera ein styrke for demokratiet.

Artikkeltags