Gå til sidens hovedinnhold

Gjert mista dottera i helikopterstyrt

Artikkelen er over 8 år gammel

Gjert Holtan har opplevd noko av det mest tragiske ein kan oppleva. Sommaren 2011 mista han dottera si, Siv, i ei helikopterulykke. No skal han sjølv jobba med kriseberedskap i Lindås kommune.

Mandag fjerde juli 2011 var ein fin sommardag i Hardanger. Eit transporthelikopter skal frakta material og fire ungdommar til Dalamot, høgt oppe i fjella. Noko går alvorleg gale, og helikopteret styrtar kort tid før det kjem fram til destinasjonen. På bakken står fleire vitne og ser på dødskrasjen.

Alle fem om bord mister livet, mellom dei Siv Holtan frå Alversund.

LES OGSÅ: Står klare til å redda liv i helga

Samstundes er pappa Gjert Holtan på ferie i Paris med sin nye sambuar Hilde, hans yngste dotter og sambuaren sine to barn. Dei har vore i Eurodisney og hatt ein fantastisk dag. Dei reiser heim til hotellet, før dei går ut igjen for å eta middag.

– Gløymer det du har lært

Mobiltelefonane vert lagt igjen på rommet då dei treng å ladast opp. Når dei kjem tilbake på hotellet ser dei ei heil rekke ubesvarte oppkall på telefonen. Beskjeden dei fekk var tragisk:

Gjert si mellomste dotter, Siv, var mellom dei som mista livet i helikopterkrasjen.

Ho skulle eigentleg vore med dei til Paris men valde heller å delta med hyttebygging saman med kjærasten og familien hans.

Gjert Holtan har vore brannmann sidan 1988. Fyrst på deltid, men frå 1995 på heiltid. Frå 2002 og fram til september 2013 har han vore brannsjef i Lindås og Meland kommune. Han har sett svært mange tragediar på nært hald. Han har vore med på å redda mange liv og ytt mykje livreddande hjelp til innbyggarane i dei to kommunane. Han seier at den ballasten han har gjennom jobben gjer han trygg på seg sjølv i jobben sin.

– Men når det bles rundt deg sjølv som privatperson gløymer du det du har lært, seier han.

LES OGSÅ: Ulykkesstedet ga ingen svar

– Eg hugsar at eg vart overraska over meg sjølv over at eg vart sett så jæklig ut. For eg har alltid sett på meg sjølv som ein som har opplevd så mykje gjennom så mange år, at om eg skulle koma opp i noko, ville eg klara meg mykje betre enn alle andre. Men det gjer du ikkje.

– Då er ein ikkje profesjonell lenger, men personleg?

– Det er alltid ei tid for alt. I det daglege er eg nok sterkare enn andre, men når det kjem heilt inn under huda på deg, er du nett som alle andre. Då treng eg og hjelp. Og slik er det med brannfolka her når det har vore alvorlege ulykker, då tek vi ein debrief. Og det er det som gjer at vi klarar oss betre enn andre, seier han.

Gjennom jobben som brannmann har han ei kollegastøtteordning, der ein har kollegaer ein kan prata ut om vanskelege situasjonar med. Den nytta han flittig etter helikopterulykka.

– Det har vore heilt avgjerande for at vi i den situasjonen klarte oss som vi gjorde, seier han.

Si eiga, personlege 22/7-krise

Etter ulykka gjekk det litt over to veker, så vart Norge utsett for eit terroråtak, ei nasjonal katastrofe.

– Då følte eg meg jævlig gløymt. Heile verda følgde med på 22. juli. Men mi katastrofe var 4. juli. Så det var ei veldig vanskeleg tid, seier Holtan.

LES OGSÅ: Havarikommisjonen på vei

Veka før 22. juli var Holtan med på tre gravferder etter helikopterstyrten. Etter den siste gravferda tok han med seg Hilde og campingvogna og tok inn i hagen til ein kompis på Austlandet.

– Eg trur heile Norge har eit forhold til 22. juli. Eg har eit litt spesielt forhold. Eg har ingen oppi det, men eg har mi eiga krise liggande der, seier han.

Dei som har møtt Holtan veit at han pratar stort sett i eit bankande køyr, han er stort sett alltid blid og helsar på alle han møter. Men når han pratar om saknet av dottera si vert han roleg.

– Eg kjenner eg vert litt rørt når eg snakkar om det i dag, seier han.

Det var ei svært tøff tid for Holtan.

Er vorte ein livsnytar

– Det som skjedde med meg og min familie den dagen, har nok bidrege til valet eg tok saman med rådmannen og kollegaene mine. Det ber nok preg av at ein ikkje lenger skal ta ting for gitt. Det er ikkje lenger nokon sjølvfølge å vakna opp neste morgon, og så får du ein flott dag. Det er noko rart med det at det må skje noko med deg sjølv før du skjønar det, seier han.

– Kva val tenker du på?

– Då eg mista dottera mi og den tida som følgde med det. Så ser du det at det ikkje lenger er nokon sjølvfølge det at du skal gå gjennom resten av livet glatt utan at det skal skje noko. Eg har to døtrer til, og ein tenker på dei på ein annan måte no. Mellom anna er eg nok meir beskyttande Eg tenker annleis om meg sjølv og. Livet er for kort til å berre jobba og higa etter neste hylle og trinn. Du skal nyta det og.

– Betyr det at du er vorte meir av ein livsnytar no?

– Ja, det vil eg påstå.

– Korleis?

– Eg brukar meir tid med familien. Set meir pris på fritida mi. Eg reiser på hytta så ofte som eg kan, eg reiser med campingvogna mi så ofte som eg kan. Eg er ofte på sjøen, eg hentar meg fisk kvar veke. Eg har fått meg andre interesser, eg går meir på konsertar.

– Kva musikk likar du då?

– Alt mogleg. Alt som passar til raudvin går heilt fint, seier han og smiler.

Heile saka kan du lese i vår e-avis. Klikk her for å komma til den!