Han innrømmer gladeleg at han har litt samlemani, pensjonisten Ivar Nesbø, når han tar imot oss i heimen sin på Kløve. Med ei genuin interesse for historie, og då særleg den lokale, har han i alle år tatt vare på det han har kome over av gamle bilde, skriv, utklipp og dokument. Og så lokalavisa då.

– Eg byrja å samla på Nordhordland frå første nummer, og har sidan tatt vare på så godt som alle avisene, fortel Ivar, som har ei fortid frå skuleverket i regionen.

Lokalhistorikar

Ivar og kona Aud har budd på Kløve i 32 år, og Ivar har samla på avisa Nordhordland nesten like lenge. Det har etterkvart vorte ein heil del kassar, for tru ikkje at ein samlar berre dumpar avisene i bunkar i garasjen. Alle nummera ligg fint samanbretta og arkivert i kassar merka med årstal.

Grunnen til at Ivar byrja å samla på Nordhordland var at han hadde eit ønskje om å jobba med lokalhistorie når han gjekk av med pensjon. Dette er eit arbeid han no er godt i gang med, og planen er at også andre med tida skal få sjå arbeidet.

Ingen saksbruk

– Akkurat no jobbar eg med industrihistoria til bygda. Før i tida bygde dei nemleg bussar nede i vika her, og det er det slett ikkje alle som veit. Eg håpar på å få til ei utstilling som kan verta ståande, fortel Ivar entusiastisk.

I tillegg til dei 55 kassane med arkiverte aviser, har Ivar også mange bøker og album med historiske utklipp frå ulike tidsskrifter. Men Nordhordland-arkivet har han aldri brukt saksa på.

– Eg har nok klipt ut frå Nordhordland og, men når dette har skjedd har eg alltid kjøpt ei ny avis på butikken. Arkivet skal vera heilt, smiler han.

For verdifull til å kasta

At han no gir vekk avissamlinga si, ser han på som heilt udramatisk, så sant han får lov å bruka arkivet om han skulle trenga det.

– Det byrja å verta trongt på loftet, så eg fann ut at eg måtte flytta avisene. Eg meiner samlinga er litt for verdifull til å kasta, så eg ringte først biblioteket. Dei ville ha avisene, men hadde dessverre ikkje plass. Då ringte eg avisa, og Randi ville gjerne ta vare på samlinga. Trur den er i gode hender, seier samlaren som er godt i gang med å samla på 2006-årgangen også.