Det seier ein forbanna Arne Manger frå Manger.
Bonden var ein av rundt 20 sinte bønder frå heile Nordhordland som hadde møtt fram på rådhuset i Knarvik for å markera sin motstand mot forslaget som er lagt fram frå regjeringa i det pågåande jordbruksoppgjeret.
– Går ned ei månadsløn
Jordbruksminister Sylvia Listhaug har tilbode bøndene 150 millionar kroner, rundt ti prosent av kva bøndene sjølve krev.
På rådhuset i Lindås hadde bøndenen sett fram fat med betong på, for å markera det dei meinar er konsekvensane av jordbruksoppgjeret. Både Olav Myhr og Hans Petter Eide fryktar dei kjem til å tapa pengar om dagens forslag frå regjeringa går gjennom.
– Eg går truleg ned ein månadsløn og vel så det, seier Eide, som har eit bruk med 80 sau og 17 kyr.
– Kva er konsekvensane ved eit slikt oppgjer?
– Då er det berre til å planta til med gran, seier han.
LES OGSÅ: Bøndene rasar mot regjeringa: – Til neste år kjem hammaren
Myhr uroar seg over rekruteringa til yrket.
– Dei unge vil ikkje ta over når det er sånne signal å få, trur han.
Han seier at økonomien sakte men sikkert har vorte betre dei siste åra.
– Det er ei tung skute å snu, men den hadde byrja å snu seg. Men no går det i feil retning igjen, seier han.
Bøndene hadde og med seg eit fat med eggerøre og lokalprodusert spekemat for å visa skilnaden mellom å satsa på bøndene og å ikkje gjera det..
– Matjorda vert bygd ned, det vert betong og betong produserer veldig lite, seier Manger.
LES OGSÅ: – Bøndenes eggaksjoner er ulovlige
– Me er her for å visa at me er stolte av maten me produserer, me er stolte av norsk mat. Den har me med oss som eit alternativ, seier han.
– Meir bruk av sprøytemiddel
Manger seier det no er opp til politikarane å ta eit val.
– Om dei vil gå for nedbygging og fjerning av norsk jordbruk, eller om dei vil ha eit jordbruk med dei reine og gode produkta me har, seier han.
– Men er ikkje tankegangen med færre og større bruk fornuftig?
– Nokon plassar vil det nok vera fornuftig. Men det regjeringa legg opp til no, vil føra til at dei dårlegaste areala går ut av produksjon, det vil føra til auka antibiotikabruk, meir bruk av sprøytemidde og meir bruk av traktor til transport, hevdar Manger.
– Korleis er framtida til norske bønder?
– Det kjem an på kva val dei tek borte i Oslo no. Me er ei politisk avhengig næring som er avhengig av stabile og gode rammevilkår. Dei omveltningane som vert signalisert no er ikkje godt nytt for norske bønder. Og spesielt ikkje for dei i Nordhordland. Me har ikkje nokon områder som er spesielt eigna for stordrift, hevdar han.
LES OGSÅ: Sprutet ut 5000 liter melk på gaten
Sjølv er han med i ei samdrift på Manger, der fem bruk har gått saman. I Vest-norsk samanheng er dei ganske store med ein mjølkekvote på 520 tonn, 58 årskyr og 110 andre kalvar og oksar. Dei er vinnarane i årets oppgjer. Det er han ikkje nødvendivis heilt nøgd med. Han fryktar at regjeringa vil bruka større eininga som ein grunn til å pressa prisane ned på sikt.
– Kva er hensikten med desse aksjonane dykkar?
– Me må visa oss og kva som vert konsekvensen av den politikken som vert føresepegla, seier han.
– Kan ikkje vera avhengige av import
– Men de fryktar ikkje de får folket i mot dykk med slike aksjonar?
– Det er ein sjanse me er nøydde til å ta. Konsekvensane av det jordbruksoppgjeret som ligg føre er at det ikkje vert norsk mat i butikkane. Og då må me få visa det. Då vert det gjerne ikkje norske egg å få kjøpt. Då må me gjerne få dei langvegs i frå. Og det er ingen sjølvfølge at me kan importera all maten vår i framtida. No når me har mykje pengar og olje, går det greitt. Men det kjem ei tid når olja tek slutt og land nedover i Europa treng maten sin sjølv. Då kan ikkje me vera dønn avhengige av import, seier han.
LES OGSÅ: Bøndene blokkerer eggpakkerier