Gå til sidens hovedinnhold

Fryktar 20 tonn kvikksølv har lekka ut av U-864

Artikkelen er over 8 år gammel

Nye estimat frå Kystverket fortel om kor enorme mengder med flytande kvikksølv som har lekt ut ved Fedje. Ved hjelp av nye HD-kamera sjekkar dei no vraket av gift-ubåten U-864.

Kystverket er i full gang med å kartlegga og samla inn data i samband med vraket av den giftige ubåten U-864, som ligg på havets botn, to nautiske mil utafor Fedje.

Like før førre helg sette dei i gang ein større operasjon som skal munna ut i ein detaljert rapport. Det er som kjend to alernativ dei jobbar frå, anten fullstendig tildekking, eller å ta opp flaskene med kvikksølv, og dekka til vraket.

For fyrste gong no, kjem Kystverket med estimat på kor mykje kvikksølv som faktisk kan ha lekka ut av ubåtvraket.

Enorme mengder kvikksølv har lekka ut

– Me estimerer at rundt 20 tonn med kvikksølv kan ha gått i sjøbotnen, seier prosjekttoktleiar Hans Petter Mortensholm i Kystverket til Nordhordland.

Ved ei eventuell heving av kvikksølvet håpar dei å få opp mellom 40 og 50 tonn med kvikksølv.

– Gitt at brotsona ikkje er på skrå innover og ikkje er sterkt skadd, legg han til.

Han seier at alle tala er berekningar, då dei ikkje veit kor mange kvikksølvbehaldarar som faktisk var om bord i ubåten.

– Me veit kor mange behaldarar dei bestilte, men me veit ikkje kor mange som vart tatt med, peikar han på.

Skal ta nye botnprøvar

Mortensholm er nøgd med toktet så langt.

– Det har gått veldig bra, er no i ferd med å inspisera vraket og vrakdelane med ein fjernstyrt ubåt, fortell han.

LES OGSÅ: – Bra det endeleg skjer noko

Morthensholm seier at alle vrakdelane ligg på same plassen som dei gjorde under førre tokt i 2006.

– Det er heller ikkje nokre endringar på havbotnen. Alt verkar som det var i 2006, vi kan i alle fall ikkje sjå nokon negativ forverring, seier han.

Men likevel skal det gjennomførast botnprøvar for å sjå om det faktisk har vorte noko meir ureining enn sist. Ein skal og gjennomføra nye geotekniske målingar av havbotnen rundt ubåtvraket.

Toktet denne veka skal enda opp i ein rapport, som så skal kvalitetssikrast eksternt. Deretter er det opp til politikarane kva som skjer.

LES OGSÅ: Klart for operasjon U-864

Men vraket kjem ikkje til å ligga urørt i mellomtida.

Fleire hundre tonn diesel

Alt i mars kjem Kystverket til­bake for å tømma vraket for diesel.

– Denne typen ubåtar kunne ha 440 tonn diesel om bord, og vi reknar med den var full i og med at den skulle til Japan. Det er 16 tankar som er intakte, og mange av dei kan ha diesel i seg, fortell han.

Kor mykje diesel som faktisk er om bord er umogleg å seia.

– Men ved å tømma alle tankane, kan vi kanskje ta ut så mykje som 200 tonn, trur han. Deretter håpar han at dei kjem tilbake i juni. Denne gongen for å ta seg inn i kjølen på ubåten.

– Om vi skal ta opp behaldarane bør ein få tilkomst til kjølen for å finna ut tilstanden på behaldarane, peikar han på.

LES OGSÅ: Kvikksølvet kan likevel bli heva

Ei av utfordringane med det er at den delen av ubåten ligg nedgravd med mellom ein halv og to meter i sjøbotnen. I 2005 og 2006 vart det funnen og tatt opp to behaldarar. Den eine var i god stand, medan på den andre var sveisingar på som var rusta sønder.

– Begge vart funnen i samband med at ein skulle ha tilgang til kjølen, avsluttar han.

LES OGSÅ: - Skandaløs ubåt-behandling