Cato vart kåra til Årets sambygding

Leiar i Bygdelaget 5915, Inger Helen Midtgård, hadde æra av å overrekka prisen for årets sambygding til Cato Lyngøy. Som prov på den store heideren fekk han sitt portrett i Håvard Giezendanner sin humoristiske strek.

Leiar i Bygdelaget 5915, Inger Helen Midtgård, hadde æra av å overrekka prisen for årets sambygding til Cato Lyngøy. Som prov på den store heideren fekk han sitt portrett i Håvard Giezendanner sin humoristiske strek. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

17. mai vart ein av forkjemparane for den nye Storstova på Leknes, Cato Lyngøy, tildelt prisen som Årets sambygding. Det skriv Bygdelaget 5915 i ei pressemelding.

I kriteria for prisen står det mellom anna at «Årets sambygding» heidrer gode krefter som gjennom året eller over tid har stått fram som positive eksempel i bygda. Ueigennyttig og frivillig innsats for bygda, fellesskapet og veike grupper er også nokre av kriteria for den gjeve prisen.

Det er Bygdelaget 5915 som står for tildelinga.

I grunngjevinga frå juryen kan ein lesa følgande: «Cato Lyngøy kom tilbake til heimbygda for omlag 20 år sidan etter mange år i utlandet, og har sidan brukt mykje av tida si på frivillig arbeid i ulike miljø. Sidan 2008 har han hatt styring på Bygdelaget 5915 og prosessen rundt Storstova frå idé til realisering. Han har bidrege stort til barne- og ungdomsarbeidet i Midtgård Bedehus, og har eit stort engasjement for svake grupper i heile verda. Innsatsen hans er til inspirasjon for dei rundt han, og er eit eksempel til etterfølging».

– Lyngøy har brukt utallege timar, seine kveldar og helger på frivillig arbeid - samstundes som han har skapt sin eigen arbeidsplass for å skapa nyvinningar innan havbruksnæringa, heiter det i pressemeldinga.

– Han har parallelt med dette hatt eit stort engasjement for berekraftig oppdrett av fisk i Afrika, og reiser jamleg til Burundi. Her arbeider han med etablering av oppdrettsanlegg og opplæring av dei lokale, slik at dei på sikt kan produsera sin eigen mat samstundes som dei skaper sine eigne arbeidsplassar.

Artikkeltags