Sparkar kvarandre ut på tur

Norunn Åkernes Jordal og Vivian Bjørnsen synest det er god hjelp i å ha nokon å gå saman med. Vi trefte dei på veg mot utsiktspunktet Fløyen på Kløve.

Norunn Åkernes Jordal og Vivian Bjørnsen synest det er god hjelp i å ha nokon å gå saman med. Vi trefte dei på veg mot utsiktspunktet Fløyen på Kløve. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Når venninnene Norunn Åkernes Jordal og Vivian Bjørnsen går tur saman er det ikkje berre beina som får trim, men også snakketøyet.

DEL

– Nede i bakken måtte vi ta ein pause fordi vi berre måtte fortelje noko, seier dei smilande.

Dei to går tur saman fleire gongar i veka, og set pris på det sosiale i å ha nokon å gå med. I kvardagen går dei stort sett til Fløyen på Kløve, medan helgane kan by på lengre turar.

– Det er ein veldig grei rundtur. Dei er veldig flinke til å ordne i stand i skogen her, og lagar nye omvegar der det er blautt. Vi sparkar kvarandre ut, og går ofte i lag. Det er fint å bu her på verdas finaste plass og ha skogen så nært at vi berre kan gå rett ut, fortel dei.

60–70 gongar i året

Lengre oppe i løypa treff vi Bjørn Tore Jordal. Han har Fløyen som nærmaste topp, og går turen 60–70 gongar i året.

– Det er fint å ha ein lokal mosjonstur med mange moglegheiter om ein ønsker å fortsette innover. Ein får pulsen opp, samstundes som det tar passe med tid. Eg likar betre å gå beint opp mot ein topp enn i terreng som varierer opp og ned, og då er Fløyen fint, fortel han.

UT PÅ TUR

Knarvik Senter og Avisa Nordhordland vil i ein serie i sommar presentere dei ti flotte fjelltoppane som er med i Tursekken 2017. Dette er ein konkurranse fram til 31. august i regi Knarvik senter og ei rekke samarbeidspartnarar, deriblant Avisa Nordhordland.

Turstoffet er levert av skribent i Senteravisa, Benedicte M. Torsvik, og turgåarar som deler bilde på Instagram.

All informasjon om korleis du deltar i konkurransen finn du på www.knarviksenter.no. Last gjerne opp bilde på Instagram med emneknaggen #avisanh i tillegg.

Familievennleg løype

Det går fleire skilta stiar til Fløyen frå Kløve, som alle er rundt halvannan kilometer kvar veg. I nokre av løypene finn du skilt som beskriv det du kan sjå i naturen rundt deg, noko som gjer dette til ein ekstra kjekk tur for born.

Ønsker du ein lengre tur er det mange moglegheiter med godt oppmerkte stiar, til mellom anna Tveitavarden og Selivarden. Vi valde å parkere ved Trekanten Aktivitetspark. Her er det kjekt for born å leike, og aktivitetsparken er utgangspunktet for Trekantmarsjen kor du kan vinne ekstra premiar ved å gå dei tre Tursekken-turane Fløyen, Myrsfjellet og Baståsen på same dag.

Artikkeltags