Kva betyr friluftsliv for deg?

For meg betyr friluftsliv ein heil masse. Eg har vakse opp i ein familie der vi alltid har vore på tur, lange og korte turar, skogsturar og fjellturar. Som barn trudde eg at det å dra på friluftsturar var noko alle barn måtte, minnes Eidsheim, med eit glimt i auget.

– Men eg har sett veldig pris på det, og vi pleidde å gå turar saman med venner, familiar og kjente – og eg har fått leikt mykje i naturen. Når ein er i naturen, så kjenner ein at ein lever. Så eg får litt den kjensla att frå barndommen når eg er ute i naturen, gleda ved å vere der, fortel Høyre-politikaren, som sit i helse- og omsorgskomiteen.

Har du nokon favorittstader i naturen der du liker å vere?

– Dyrkolbotn er staden der hjartet mitt ligg. Min far sin familie kom frå denne fjellgarden, og der ligg familiehytta i dag. Det er her i Stølsheim-området eg er godt kjent, og trivst best å vera i. Eg er glad i naturen, spesielt Vestlandet som er vilt og vakkert.

Som barn fann eg glede i det å nå toppen. Heimen til mine foreldre låg i skogen, men fjellet har alltid vore favoritten, seier Eidsheim – som framleis bruker skituren ned igjen som motivasjon til å komme seg opp på toppane om vinteren.

Har du nokon gong overnatta ute?

– Ja, det har eg gjort fleire gonger opp gjennom åra. Har overnatta mykje ute særleg på somrane, for då vart vi oppfordra til å ligga i telt, sjølv om det ikkje var så langt unna huset. Ein kom jo av og til tuslande inn igjen i løpet av natta. Eg har også tatt med barna mine på telttur. Opplevinga ved å sove ute trur eg forsterkar kjensla av å høyre til der og bidrar til å kjenne seg trygg. Det har også hendt at eg har sove under open himmel, men på Vestlandet er det jo ikkje alltid at det passar seg, seier Høgre-politikaren – og viser til det ustabile været.

Har du nokre spesielle opplevingar i natur som du hugsar godt?

– Det er så mange, så det er vanskeleg å plukke ut ei enkeltoppleving. Men i seinare tid, så trur eg det må vere ein tur eg hadde for ikkje så lenge sidan frå Mjølfjell til Ulvik. Dagen før den turen fekk eg vite at eg hadde fått kreft. Det var ein tur på sju timar, nydeleg med både fjord og snøkledd høgfjell, det er ein tur som sit sterkt i minnet. Det var eit utruleg viktig tidspunkt for meg å få rom for refleksjon, og få tid til å tenke over kva eg skulle gjennom.

– Det er kanskje det som er viktigast for meg, det å kunne bruke naturen til refleksjon.

Kva gjer desse opplevingane med deg?

– Eg kjenner ei enorm glede. Om ein har hatt ei slitsam veke, er det utruleg godt å gå ut i naturen – kanskje særleg tidleg om morgonen. Eg tar meg gjerne ein joggetur tidleg om morgonen, og oppsøker område i byen som også gir naturopplevingar, slik som parkar. For vi må ikkje gløyme at vi også har mykje natur i byen, minner Eidsheim om.

– Tidlegare gjekk eg på hjortejakt, og da var eg oppe grytidleg. Eg likar det å gå ut når det framleis er mørkt. Kjensla av at alt først er mørkt og stille, før samfunnet livnar til og gryr av dag, den er helt fantastisk. Den opplevinga er verdt å prøve, både med og utan gevær.

Jakttradisjonen har Høgre-politikaren overført til sine eigne barn.

– Begge barna mine har tatt jegerprøven, og eg synest at så lenge vi et kjøtt, så skal vi ta innover oss korleis det heile heng saman. Eg ønska ikkje berre å lære meg å skyte, men lære meg heile prosessen.

Kva gjer desse opplevingane med deg som politikar?

– Det betyr at det er viktig for meg å vareta naturen på ein slik måte at vi alle kan drive friluftsliv. Vi skal sjølvsagt forvalte naturen godt, men det er mange omsyn å ta.

– Eg er opptatt av at når vi først har laga ein verneplan for eit område, så skal ordet «varig» bety noko. Det må sitte langt inne å endre. Når klimaet og miljøet endrar seg, kan vi iblant måtte ta ei ny avveiing. Vår oppgåve må vere å overlevere verda i endå betre stand enn den vi tok imot den i, seier Torill Eidsheim.

Kva ser du som dei viktigaste utfordringane for natur og friluftsliv i Norge?

– Vern er krevjande, det same gjeld god arealutvikling; behovet for at byar skal veksa, tettstader skal veksa, det å treffe riktige avgjerder for kor folk bør bu og næring drivast. Samtidig som vi ønsker at folk i størst mogleg grad sjølv skal treffe avgjerder for å skape sine egne gode liv, vil det vere behov for regulering. Mykje ansvar kviler her på fylka, men også kommunane, i det å vere den gode tilretteleggaren for at samfunnet skal utvikle seg til det beste for alle, og for at folk skal bli oppfordra til å bruke naturen der de bor.

– Det at vi har eit stort nettverk med merka stiar og hytter, er veldig viktig. I Norge kan vi faktisk gå frå hytte til hytte i det som for andre sjåast som krevjande terreng og vere trygge. I Norge har vi vore veldig gode på å legge forholda til rette for å vandre i fjellet, både gjennom opplæring (bl. a fjellvettreglar) og frivillige sin innsats, meiner Høgre-politikaren.

Korleis skal vi få fleire ut i naturen?

– Det må vere lett å komme seg ut, kollektivtilbodet må vere bra, og det må vere bra med informasjon, parkeringsmoglegheiter, gang og sykkelveg. Ein del byer tilbyr no leige av sykkel, noko som gjør det lettare å komme seg rundt i byen men også ut av byen. Allemannsretten er også viktig, og det at den står sterkt forankra er viktig for at folk kan ferdast forholdsvis fritt.

– Ein annan ting som er viktig for å få folk ut, er kunnskapsformidling. Eg lærte å bli glad i friluftsliv av min familie, frå eg vart født viste dei meg at naturen er ein viktig del av oss. Og eg bruke mine erfaringar for å bidra til at andre oppdagar naturen. Eg synest det er viktig å bruke naturen for å appellere til barns nysgjerrigheit, samtidig som ein skapar ein tryggleik i det å lære naturen å kjenne.

Har du eit friluftstips du vil dele med andre?

– Bruk naturen til å ha det gøy saman. Dersom du har bestemt deg for å ha pølser til middag, så kan du like gjerne gå 100 meter, og ete ute. Eller ta frukosten i det fri, det gir ei ekstra god oppleving. Det skal ofte så lite til før du har skapt eit godt minne som varer lenge.

Skal du sove ute på #nattianturen 1. september 2018?

– Ja, det vil eg gjerne, så sant det passar, avsluttar Eidsheim.