Jobbar dugnad kvar laurdag for betre turløype

Trekloppar: Her blir det lagt trekloppar over nokre av dei våte områda i turløypene over Hjertåsfjellet.Foto: Privat

Trekloppar: Her blir det lagt trekloppar over nokre av dei våte områda i turløypene over Hjertåsfjellet.Foto: Privat

Artikkelen er over 2 år gammel

Det er sett i gong eit prosjekt med å oppgradere turløypene over Hjertåsfjellet i Meland.

DEL

Ei prosjektgruppe starta arbeidet i vår/sommar, og har no komme i gang med legging av klopper som vi ser på bildet.

Prosjektet har støtte frå fleire vellag og andre organisasjonar i Vestbygdkrinsen og Meland kommune. Kommunen har gjeve kulturmidlar til prosjektet og skilting av løypa vil skje i lag med kommunen.

Oppgraderinga går ut på å leggja trekloppar på dei våtaste plassane, samt sikre vanskelege opp- og nedstigingar.

Seinare ser ein for seg å utvida løype til Brakstad og knyte den saman med løypene i Skintvietmarka.

Dugnadsarbeidet starta laurdag for to veker sidan og har no komme godt i gang, opplyser dugnadsgjengen til Avisa Nordhordland.

Artikkeltags