Lastebil velta i Meland: Sjåfør frakta vekk i luftambulanse

Store mengder stein i vegbana etter at lastebilen velta, og store materielle skadar på lastebilen som ligg på sida.

Store mengder stein i vegbana etter at lastebilen velta, og store materielle skadar på lastebilen som ligg på sida. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Sjåfør sat fast etter lastebilvelt i Rosslandsvegen i Meland.

DEL

Klokka 11.18 fredag melde 110-sentralen i Hordaland om at ein lastebil har velta ved Rosslandsvegen i Meland.

Like etter melde Vest politidistrikt at lastebilen har køyrt av vegen og at sjåføren var fastklemd. Alle naudetatane rykte ut til ulykka, også luftambulanse.

Brannvesenet starta arbeid med å frigjere sjåføren, og Vest politidistrikt melde klokka 11.39 om at sjåføren var frigjort.

– Har vore meir innesperra enn fastklemd. Er bevisst, melde politiet då.

Måtte skjerast laus

Føraren blei frakta vekk i luftambulanse, men det er uvisst kva tilstand han er i.

– Sjåføren måtte skjerast ut av bilen, men han var bevisst, opplyser fagleiar på staden, Kurt Inge Hordvik frå Nordhordland lensmannskontor.

Like etter klokka tolv opplyser han vidare at politiet ventar på gravemaskin som skal flytte dei store steinane frå vegen før politiet held fram med å undersøke staden og etterforske.

Politiet har snakka med vitne på staden, men har førebels ikkje noko meining om kva som er årsaka til ulykka.

Jobbar med frigjering

– Ein person i eit hus i området høyrde eit smell og såg at det kom røyk, og melde frå klokka 11.09. Då vi kom fram viste det seg at ein lastebil har køyrd av vegen og velta, fortel operasjonsleiar Eivind Hellesund klokka 11.29.

Saka held fram under bildet.

Ulykkesstaden.

Ulykkesstaden. Foto:

Lastebilen er norskregistrert og har vore lasta med stein. Det ligg ein del stein i vegbana etter ulykka. Fylkesveg 564 mellom Krossnesbrua og Frekhaug vart stengd etter ulykka.

Like før klokka tolv melde Vegtrafikksentralen Vest om at det var manuell dirigering for større køyretøy forbi ulykkesstaden. Personbilar vert dirigert på omkøyringsveg. Det vil ifølge brannvesenet ta lang tid før vegen blir opna att. Eitt av køyrefelta er rydda, men lastebilen dekker delar av det andre.

Etter ulykka låg det eit dekk om lag hunder meter unna lastebilen. Poltiet på staden stadfestar at dekket høyrer til den aktuelle lastebilen.

Ulykka har skjedd på ei strak strekke like før avkøyringa til Frekhaug senter.

Eine dekket frå lastebilen ligg kring hundre meter unna resten av bilen.

Eine dekket frå lastebilen ligg kring hundre meter unna resten av bilen. Foto:

Artikkeltags