13-åring slått ned

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Ein 13-år gammal gut skal ha blitt slått ned på Frekhaug, laurdag kveld.

Det opplyser operasjonsleiar Tatiana Knappen til avisa Nordhordland.

– Det er mora til guten som har varsla oss, seier Knappen.

LES OGSÅ: Hytteinnbrot på Seimstrand

Ho vil ikkje ut med meir detaljar om kvar på Frekhaug det heile skal ha skjedd.

Ho beteiknar den eller dei som har slått ned 13-åringen som unge også.

– Guten skal ha fått ein blodutredning på auga, seier ho.

Han blør og frå munnen.

LES OGSÅ: Politiet leita etter køyrande bilvrak

Seinare laurdag kveld seier operasjonsleiar Frode Kolltveit at hendinga har sin bakgrunn i ein langvarig konflikt mellom dei to.

– Patruljen vår oppsøkte mistenkte, som er 15 år, og tok han med til avhøyr, seier Kolltveit.

Det vil verta oppretta sak på tilfellet.

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags