Forfattar Jan Roar Leikvoll er død

Artikkelen er over 5 år gammel

Forfattaren frå Frekhaug blei 40 år gamal.

DEL

I følge Den norske Samlaget skjedde dødsfallet brått og uventa. Dødsårsaka er førebels ikkje kjend, men forlaget opplyser at Leikvoll var open om at han levde store delar av livet med ein hjernesvulst som aldri vart borte.

Brutalt, men kjenslevart

Jan Roar Leikvoll som nyleg fylte 40 år, var frå Frekhaug og gjekk på Skrivekunstakademiet i Hordaland. Han debuterte på Det Norske Samlaget i 2008 med den kritikarroste romanen Eit vintereventyr.

- Romanane Fiolinane (2010), Bovara (2012) og Songfuglen (2013) stadfesta han som ei av dei sterkaste og mest særprega stemmane i ny norsk litteratur, skriv forlaget i ei pressemelding.

Bøkene til Leikvoll er kjenneteikna av eit brutalt, rått, men samstundes vakkert og kjenslevart språk, der yttergrensene for menneskeleg erfaring blir portrettert med nådelaus realisme,

Fleire prisar

For romanen Fiolinane fekk Leikvoll Nynorsk litteraturpris og same bok blei nominert til Kritikerprisen og Ungdommens kritikerpris. I 2010 blei han tildelt Sigmund Skard-stipendet og Bjørnsonstipendet.

For dei tre første romanane mottok han i 2013 både Bokhandelens forfattarstipend og den prestisjetunge prisen Stig Sæterbakkens minnepris. Juryen for sistnemnde pris uttalte: «Hans foreløpige forfatterskap er et av de mest gjennomførte og unike prosjektene i norsk samtidslitteratur.»

Djupt sakna

- Den store, stillferdige mannen, som skreiv så omsynslaust, men samstundes hjarteskjerande vakkert om livet sjølv, har gått bort. Jan Roar Leikvoll vil bli djupt sakna, skriv Samlaget. Dette vert og understreka av Leikvoll sine vener på facebook.

Artikkeltags