– Folket fortener eit kulturhus

? Det er stor og variert kulturaktivitet i kommunen, så det er ei gåte for meg at Lindås enno ikkje har fått opp eit kulturhus i Knarvik. Til dømes må Knarvikmila, som no er landets tredje eller fjerde største mosjonsarrangement, over til nabokommunen for å avvikla konferansane sine, peikar enterteinar Claus Sellevoll på.

? Det er stor og variert kulturaktivitet i kommunen, så det er ei gåte for meg at Lindås enno ikkje har fått opp eit kulturhus i Knarvik. Til dømes må Knarvikmila, som no er landets tredje eller fjerde største mosjonsarrangement, over til nabokommunen for å avvikla konferansane sine, peikar enterteinar Claus Sellevoll på. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

LINDÅS: – Det er ei gåte for meg at Lindås enno ikkje har fått opp eit kulturhus, seier Claus Sellevoll. Politikarane vil gjerne bygga, men har ikkje pengar.

DEL

– Det er stor og variert kulturaktivitet i kommunen, så det er ei gåte for meg at Lindås enno ikkje har fått opp eit kulturhus i Knarvik. Til dømes må Knarvikmila, som no er landets tredje eller fjerde største mosjonsarrangement, over til nabokommunen for å avvikla konferansane sine, peikar enterteinar Claus Sellevoll på.

– Ingen veg utanom

Dei siste åra har han vore med på ei rekkje produksjonar som har turnert heile fylket rundt, i Lindås har det best eigna lokalet vore ungdomshuset på Hundvin.

I samband med den nye sentrumsplanen for Knarvik har det no blussa opp eit håp hjå Sellevoll om at ein endeleg kan få på plass eit kulturhus for heile regionen i Knarvik.

– Det er ingen veg utanom om ein vil vidareutvikla den lokale kulturen. Med eit nytt kulturhus i Knarvik kan ein både driva kulturformidling og kulturproduksjon, seier han.

LES OGSÅ: Kulturhus midt i smørauga

– Ein må våga å investera i framtida. Det kjem til å bu folk i Knarvik om femti år òg. Kulturhuset kan og bør vera ein samlingsplass for all kulturaktivitet i Nordhordland, ein smeltedigel for breidda. Det vil vera ein styrke om dei kulturelle institusjonane vert samla under eit tak, der dei kan utvikla nye idear vegg i vegg, held han fram.

I heile dokumentet som er Knarvikplanen, er ordet kulturhus berre å finna fem gonger. Der det er mest konkret, er der det står at eit kulturhus er tenkt der turistinformasjonen står no. Der er det ynskt hotell eller kulturhus i eit elleve etasjar høgt bygg.

Høyringsfristen for Knarvikplanen gjekk ut i førre veke, og det har kome ei rekkje innspel. Mellom anna på dette med kulturhus.

– Sjukeheimar fyrst

Heile 13 frivillige organisasjonar har gått saman om å be kommunen setja av areal til eit eige kulturbygg, då dei meiner dagens plan er uklar. Også biblioteket i kommunen har kome med innspel der dei viser til at det i planane ligg inne to bygg, eit for kultur og eit for bibliotek.

– Frå andre kommunar veit ein at dei kulturhusa som fungerer best, og som gjer husa levande, er dei husa som har eit bibliotek integrert i seg. Alt talar derfor for at ein integrerer det nye biblioteket i eit nytt kulturhus, skriv biblioteksjef Marit Gro Berge.

LES OGSÅ: Reiser verda rundt

Politikarane i Lindås vil gjerne ha kulturhus på plass.

– Men vi vil bygga ferdig skular og sjukeheimar fyrst, seier Bjarte Vatnøy frå Frp.

Ståle Hauge (AP) gjekk nokre hakk lenger og viste til kulturplanen der det er tverrpolitisk semje om eit kulturhus i Knarvik.

– Men kor tid det kjem, er ein budsjett- og prisdiskusjon. Men folk skal føla seg rimeleg sikre på at vi skal få på plass eit kulturhus, seier han.

Fellesprosjekt

Ordførar Astrid Byrknes Aarhus ser for seg eit samarbeidsprosjekt i framtidas nordhordlandskommune..

– Dette er eit av prosjekta vi kan få til i den nye kommunen, eit fellesprosjekt, seier ho.

LES OGSÅ: Flott og forrykande festkveld!

Alle politikarane som avisa Nordhordland snakka med, sa at sjølv om det ikkje ligg inne noko konkret om kulturhus i Knarvikplanen, skal ein ikkje uroa seg.

– Knarvikplanen er for eit lite område av Knarvik. Så det er store moglegheiter for å få eit kulturhus utanfor den planen som ligg føre no. Det er gjerne slik vi har tenk, seier varaordførar May Eva Sandvik.

LES OGSÅ: Vaffelhjarte: Rett frå skule til hovudrolle

Artikkeltags