Gå til sidens hovedinnhold

Født i framsetet

Artikkelen er over 11 år gammel

Utanfor KK i minus 10 grader.

Med open bildør og 10 minusgrader ute, kom veslejenta til verda – utanfor KK natt til lille nyårsaftan. – Fire jordmødre kom springande for å hjelpa, seier mamma Trude Otterstad om den kjappe fødselen i framsetet på Carina’n.

Ho hadde termin 30. desember, og i halvti-tida kvelden før begynte ho å øyna at noko var på gang.

- Eg ringte til Kvinneklinikken, men fekk beskjed om å gå og leggja med, seier ho. Ein time seinare kom riene så tett at ho knapt greidde pakka reisebagen.

- Trur ikkje eg hadde eit minutt mellom riene ein gong, så det var berre å hiva seg i bilen. Eg greidde ikkje sitja, så vi la ned setet, seier Trude som hugsar at ho følte at barnet var på veg ut då dei kjørte gjennom Fløyfjellstunellen.

Sambuar Marius Sletten fekk så vidt parkert Toyota Carina’n utafor KK og ringt på for å be om hjelp då veslejenta kom – 3010 gram og 51 cm.

Med 10 minusgrader ute og open bildør, var bekymra jordmødre raske med å pakka den vesle inn i fleire teppe straks ho var ute. Sjølv kan ikkje mamma Trude hugsa at ho fraus.

Den vesle jenta har ikkje fått noko namn enno.

- Vi er ikkje heilt einige. Den første ”innskytelsen” var at ho skulle heita Carina, etter bilen ho vart født i, men det kjem ikkje på tale. Eg vil ikkje at det skal henga ved ho resten av livet, seier Trude.