Flyttar jordkjellar

Artikkelen er over 10 år gammel

Og bevarar såleis kulturminne.

DEL

Ved å grava ut den gamle jordkjellaren til Jonny Soltveit, og flytta den nokre hundre meter opp på tomta til Bjarte Sæbø, vert eit stykke strilehistorie bevart.

Det er kulturprosjektet Jordkjellar i Vest som står bak den spesielle flyttinga, og arbeidet er allereie i full gang på Soltveit i Radøy kommune.

- Det heile byrja med at bonden som eig jordkjellaren, Jonny Soltveit, sendte ein søknad til Radøy kommune om å bygga ut løa si. For å kunne gjera dette, måtte den gamle jordkjellaren vika. Då kommunen fekk søknaden, kontakta dei Haakon Aase, som er prosjektleiar for Jordkjellar i Vest, seier Arild Sætre frå kulturverntenesta i Nordhordland til nh.

Etter at kontakten var oppretta i sommar, har prosjektet gått sin gang, og arbeidet med flyttinga av jordkjellaren er påbyrja for lengst.

3D-fotografering

Då Nh besøkte garden til Jonny Soltveit tirsdag, var heile steinstrukturen i kjellaren synleg. Jord og torv var fjerna, og Marcin Gladki frå selskapet Past dreiv med fotogrameti av jordkjellaren.

Fotogrameti er enkelt fortalt ein fotografisk teknikk som vert brukt for å laga eit tredimensjonalt bilde av noko i sin naturlege storleik.

- Dette er særleg nyttig når noko skal demonterast og sidan setjast i saman igjen. Då kan ein bruka dei tredimensjonale bilda til å sjå akkurat korleis ting såg ut tidlegare. Marcin held kurs i fotogrameti, samstundes som han jobbar med jordkjellaren, fortel Arild Sætre.

- Lengre enn manns minne

Jordkjellaren som no er under demontering på Soltveit er gamal. Veldig gamal. Faktisk er det ingen som veit akkurat når den vart bygt.

- Det som er så fint med nettopp denne jordkjellaren, er at den er så veldig representativ. Det er ikkje noko spesielt med den, berre ein heilt vanleg, gamaldags jordkjellar, seier Sætre til nh.

Akkurat når sjølve flyttinga skal skje, kan ikkje mannen frå kulturverntenesta seia sikkert, men i kulturprosjektgruppa Jordkjellar i Vest er det opptil fleire ekspertar på tørrmuring, så det gamle og tradisjonsrike byggverket skulle vera i gode hender.

Som i gamle dagar

Når jordkjellaren ein gong får sin nye heim på andre sida av riksvegen, skal den etter planen også brukast som i gamle dagar.

- Bjarte Sæbø driv økologisk, og han har tenkt å bruka kjellaren til lagring av grønsaker. Vi håpar kanskje vi kan sjå ein slags renessanse akkurat her, for vi går jo nye tider i møte. Det er slett ikkje alt ein treng kjøleskap til, seier Sætre, før han legg til at jordkjellaren held ein jamn temperatur og luftfuktigheit, og at det er plass til mykje meir her enn i kjøleskapet eller ein vanleg, innandørskjellar.

Vinn-vinn

Sætre kan elles fortelja at det var reine lykketreffet at prosjektgruppa fekk nyss om den gamle jordkjellaren.

- Det ideelle hadde sjølvsagt vore at jordkjellaren vart verande der den er, men når den først må fjernast, passa det oss veldig godt. Vi hadde eit håp om å få eit slikt prosjekt, men vi kan ikkje akkurat tvinga frå folk jordkjellarane deira. Så dette var ei gåvepakke for oss, seier han.

Og det er ikkje berre Jordkjellar i Vest som kan seia seg fornøgd med prosjektet. Radøy kommune kan no godkjenna utbyggingsplanane til Jonny Soltveit, og bonden sjølv kan uproblematisk bygga på løa.

- Det er vel det ein kan kalla ein vinn-vinn-situasjon, seier Sætre til nh.

Artikkeltags