Gå til sidens hovedinnhold

No legg dei ned mottaket

Artikkelen er over 4 år gammel

UDI avviklar Lindås mottak for einslege mindreårige frå 1. mai i år.

Utlendingsdirektoratet varslar torsdag at dei vil legge ned tre mottak i region Vest. Eitt av dei er Lindås mottak for einslege mindreårige. Totalt seier UDI på landsbasis opp 950 ordinære mottaksplassar og 445 plassar for einslege mindreårige innan 1. mai 2017. Oppseiingstida er mellom tre og fire månader.

.

– Grunnen er at det stadig kjem færre asylsøkarar til Norge, og fleire av dei busette blir anten busette i kommunen eller må reise ut av Norge, opplyser Stig Arne Thue, regiondirektør i UDI i ei pressemelding.

Les også

Mottaksleiaren: – Det blei veldig stille då eg fortalde ungdommane det

 

Han utdjupar at dette vil seie at det er vesentleg færre som kjem til mottaka, enn folk som reiser frå mottaka.

– Det er krevjande for enkeltmennesket som må flytte til eit anna mottak, men UDI vil gjere flytteprosessen for dei med barn så skånsam som mogleg, og legge til rette for at flytting kan skje til dømes i skuleferien, opplyser Thue vidare og legg til at ein flytteprosess kan planleggast godt og at UDI vil samarbeide med nytt mottak og ny kommune i denne prosessen.

Les også

Fridtjof frykta flyktningane – Så fekk han 40 unge flyktningar i nabolaget

 

– Eg kjenner godt til den flotte kommunen Lindås og den innsatsen kommune, mottak, lag og organisasjonar har bidratt med. UDI takkar driftsoperatørar, mottak og lokalsamfunnet for å ha gjort ein stor innsats med å huse asylsøkarar, samt frivillige organisasjonar som har organisert aktivitetar for dei busette. Det var ikkje ei enkel avgjersle, men naudsynt og krevjande, seier Thune.

I tillegg til mottaket på Vågseidet blir også Sund statlege mottak og Gjesdal statlege mottak lagt ned.

Les også

UDI svarar på kritikken mot asylmottaket

 

Kommentarer til denne saken