Varslar flaum i Hordaland

Det vert meld om store nedbørsmengder og fare for flom dei neste dagane. Særleg midre vassdrag er utsett.

Det vert meld om store nedbørsmengder og fare for flom dei neste dagane. Særleg midre vassdrag er utsett. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Kraftig vind, vanskelege køyretilhøve og store nedbørsmengder, samanfattar vêrmeldinga for dei neste dagane.

DEL

Det ventast så mykje som 100 millimeter nedbør de neste dagane. Det aukar faren for flaum og jordskred i Hordaland, melder varsom.no tysdag.

– Ja, vi har ein god del vêr i vente, seier meteorolog Mette Skjerdal ved Meteorologisk institutt til BA.

Alt natt til onsdag startar nedbøren.

– Det største problemet då er at det framleis er svært kaldt på bakken. Nedbøren vil komme som sludd og snø først, og dette gir vanskelege køyretilhøve, seier Skjerdal.

Kraftig vind

Meteorologisk institutt har sendt ut varsel om vanskelege køyretilhøve på Vestlandet sør for Stad, men også for kraftig vind både i Hordaland og Rogaland.

– Vi vil få kraftige vindkast, opp mot 30–35 meter i sekundet. Vinden kjem frå ei søraustleg retning, og slår i hovudsak ned i fjordar og i indre strøk. På grunn av vindretninga vil ein ikkje merke vinden like godt her i Bergen, forklarer Skjerdal.

Kjem til å bøtte ned

Utover onsdag aukar også nedbøren på.

– Det er enno litt sprik i prognosane, men i løpet av 24 timar frå onsdag kveld til torsdag kveld kan det komme mellom 60–90 millimeter nedbør. Saman med den nedbøren som kjem i natt, blir det ein del, seier meteorologen.

Varsom.no opplyser at det er særleg mindre vassdrag som er utsett for flaum.

Etter kvart som nedbøren aukar vil også temperaturane stige. Ifølge yr.no kan temperaturen komme opp på hele ti grader på torsdag.

– Ja, det er ganske mild luft. Sjølv på Finse vil vi få eit par plussgrader, seier Skjerdal.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken