Då laks rømde frå Havforskingsinstituttet sitt anlegg i Masfjorden, tok det over ei veke før rømminga vart rapportert.

7. desember rømde laks frå Havforskingsinstituttet sitt anlegg i Masfjorden, men det var ikkje før førre helg at Fiskeridirektoratet fekk beskjed, skriv iLaks.no

DEL

– Me tek det til etterretning og skjerpar rutinane betydeleg. Dette skal rapporterast umiddelbart. Me har vore for seine, seier Ragnar Nortvedt i Havforskingsinstituttet (HI) til iLaks.

Ifølge Nortvedt skjedde rømminga då ein uvêret slo inn fjorden medan ein brønnbåt var i gang med avlusing av fisken. Båten måtte kappe fortøyingane for å ikkje dra med seg anlegget, og i prosessen fall fisk frå renna mellom båten og merden ned i sjøen.

Havforskingsinstituttet reknar med at 15–20 fisk rømde i denne hendinga. Like etter vart 17 fisk fanga i eit garn ved Barlingebotten, fisk som kan stamme frå Havforskingsinstituttet sitt anlegg.

Nortvedt seier til iLaks at rutinane skal skjerpast, slik at også Havforskingsinstituttet følger reglane til punkt og prikke.

– Me tek det til etterretning og skjerpar rutinane betydeleg. Dette skal rapporterast umiddelbart. Me har vore for seine, seier han til iLaks.

Artikkeltags