Endre har fiska 89 ulike artar. No inviterer han til temakveld om den spesielle fiskemåten

Her poserer artsfiskeentusiast Endre Hopland med ein piggskate - ein av totalt 89 ulike artar han har fiska i Norge.

Her poserer artsfiskeentusiast Endre Hopland med ein piggskate - ein av totalt 89 ulike artar han har fiska i Norge. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Endre Hopland byrja å føre artsliste då han var 12-13 år gammal, og har no fiska heile 89 ulike artar i Norge.

DEL

Onsdag denne veka held han foredrag på Nordhordland Jakt og Fiskelag sin temakveld, om nettopp artsfiske – som har fortel at er ein av dei raskast veksande greinene innan sportsfiske i Norge.

Under temakvelden onsdag vert interesserte inviterte til å lære meir om kva denne fiskemåten handlar om.

Ulike metodar

– Artsfiske er, som namnet tilseier, fiske etter ulike fiskeartar. Absolutt alle fiskar ein kan få på stong i norske farvatn er med i rekninga, både saltvassfisk og ferskvassfisk, opplyser Hopland.

Artar Endre Hopland har fiska i Norge:

I NORGE:

1. Berggylte 1960g/1700g (største med bilde)
2. Bergnebb 107g
3. Blåstål/Rødnebb 680g
4. Brosme 9320g
5. Brungylt 200g
6. Dvergulke 68g
7. Gapeflyndre 271g
8. Gjedde 6000g
9. Glassvar 1560g
10. Gressgylt 99,09g
11. Grønngylt 210g
12. Gråsteinbit 4100g
13. Havabbor 550g
14. Havål 16 100g
15. Horngjel 550g
16. Hvitting 1360g
17. Hyse 5700g
18. Hågjel 1100g
19. Knurr 680g
20. Kveite 44 000g
21. Laks 9100g
22. Lange 21 100g
23. Leirkutling 0,8g
24. Lomre 900g
25. Lusuer 522g
26. Lyr 6900g
27. Makrell 980g
28. Pigghå 6700g
29. Piggvar 1600g
30. Regnbueørret 4100g
31. Rognkjeks/Rognkall 4960g
32. Rødspette 3400g
33. Røye/Sjørøye 4320g
34. Sandflyndre 900g
35. Sei 9160g
36. Sild 403g
37. Skrubbe 1550g/920g (største med bilde)
38. Svatkutling 44g
39. Sypike 250g
40. Taggmakrell 800g
41. Torsk 17 100g
42. Uer 5600g
43. Vanlig ulke 120g
44. Ørret 3800g
45. Ål 760g
46. Havmus 2320g
47. Fløyfisk (vanlig) 186g
48. Piggskate 5820g
49. Vederbuk 1100g
50. Lysing 11 200g
51. Sandkutling 5,52g
52. Bergkutling 0,92g
53. Trepigget stingsild 4g
54. Tangkutling 1,66g
55. Svarthå 560g
56. Kolmule 900g
57. Vassild 1360g
58. Blålange 9460g
59. Fjesing 300g
60. Sørv 134g
61. Ålekvabbe 238g
62. Tangsprell 44g
63. Karuss 520g
64. Karpe 1120g/Hybrid 2080g
65. Strømsild 105,15g
66. Øyepål 70,1g
67. Abbor 320g
68. Ørekyte 6g
69. Steinsmett 6g
70. Gullbust 130g
71. Harr 190g
72. Bekkerøye 40g
73. Laue 28g 
74. Mort 30g 
75. Flire 480g 
76. Suter 50g 
77. Tunge 600g 
78. Blåkjeft 1350g 
79. Paddetorsk 160g 
80. Tangkvabbe 40g 
81. Rødknurr 220g
82. Rødflekket kutling 20g
83. Tangstikling 2g
84. Spisskate 5100g
85. Lake 980g
86. Hork 5g
87. Kloskate 380g
88. Stam 1275g
89. Brasme 1200g

Han fortel vidare at artsfiske inkluderer alle typar stongfiske, og at metodane breier seg frå tørrflogefiske, via surfcasting til moderne meite- og kikkfiske med vindauge.

    Me har vore så heldige å få bli med ut på fisketur etter arten lysing. Kor me var? Det er så hemmelig at det ikkje ein gong var liv å filma omgjevnadane. VIDEO: Magne Turøy/BA

    – Her er det garantert mykje ny lærdom å plukka opp, både for ferske fiskarar og dei meir erfarne. Og dersom du trur at artsfiske berre handlar om å fiska småfisk i fjøresteinane, så tar du skammeleg feil. Artsfiske inkluderer alt frå fisk på eit par centimeter til nokon av verdas største, kjøttetande haiar – som til alt overmål finst i Nordhordland.

    Kjend i området

    Endre Hopland, som også er redaktør for Hooked.no, Norges største nettstad for fiske, skal sjølv stå for den faglege biten under temakvelden i Nordgardsløa på Frekhaug. Sidan han primært fiskar i lokalområdet, er det ikkje fritt for at det også kjem til å dukka opp nokre tips som kan vera spesielt gode her på våre kantar, lokkar han.

    – Foredraget startar klokka 19.00, men dørene opnar ein halvtime før. Det heile varer i rundt to timar, og det er gratis inngang for alle. Både medlemmar og ikkje-medlemmar av Nordhordland Jakt og Fiskelag er hjarteleg velkomne, opplyser Hopland.

    Artikkeltags