Fire personar innvolvert i bilulykke

Alle fire er sendt til lokal legevakt for sjekk.

Alle fire er sendt til lokal legevakt for sjekk. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

To bilar har kollidert.

DEL

Det melder operasjonssentralen ved Hordaland politidistrikt på Twitter.

Ulykka skjedde Vikevegen på fylkesveg 390 ved Hundvin.

– Det har vore ei trafikkulykke mellom to bilar, stadfestar Arne Rikstad, vaktkommandør ved 110-sentralen i Bergen.

LES OSGÅ: Frykta tunnelbrann - var vassdamp

Ulykka er ei møteulykke, og bilane skal berre ha fått mindre skader.

Rikstad seier at alle fire personane er henta ut av bilane. Det var to personar i kvar av bilane, to i 20-åra i den eine og to i 30-åra i den andre bilen.

– Alle fire er sendt til legevakten i Knarvik for kontroll, får vår reporter på staden opplyst.

Ei kvinne i 30-åra antas å vera lettare skadd.

Vegen er førebels stengt på ulykkesstaden.

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags