Fleire ferjesamband har trøbbel på grunn av vêret

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Fredag morgon like før klokka halv ni melde Vegtrafikksentralen vest at ferjestrekninga Lavik-Oppedal på E39 hadde redusert kapasitet, på grunn av sterk vind.

Ferje B vart innstilt.

Like før klokka elleve melde Vegtrafikksentralen om at ferja igjen gjekk som normalt.

Sambandet Leirvåg-Slævåg var også innstilt fredag morgon, men klokka 11.45 var sambandet igjen oppe å gjekk. Norled melder likevel at sambandet kan bli stengt på kort varsel.

Tidlegare fredag morgon skapte vêret også trøbbel for ferja mellom Fedje og Sævrøy. Den var i ein periode innstilt, før det vart meldt at den igjen gjekk frå Fedje klokka 07.30.

Det vert opplyst at sambanden igjen kan bli innstilt på kort varsel grunna vêrtilhøva.

Artikkeltags