Felles støtteopprop frå Nordhordland

Artikkelen er over 14 år gammel

Lindås-ordførar og fungerande leiar i Hordaland Arbeidarparti, Tove Brandvik, er ikkje i tvil om at den betente ubåtsaka på Fedje samlar Nordhordland. Fredag underteikna ho sjølv, ordførarkollegar, rådmennene og legar eit støtteopprop til Fedje kommune.

DEL

- Alle legar, rådmenn og ordførarar i Nordhordland har skrive under på støtteoppropet. Heile regionen står saman i denne saka, seier Tove Brandvik til nh.

Brandvik var sjølv på Fedje torsdag som representant for Hordaland Arbeidarparti, og la i sin appell vekt på at kvikksølvet i U 864 er eit problem som går langt utanfor Fedje sine kommunegrenser, og som vert følgd med argusauge både i Norge og ute i verda. Til nh seier ho at eit av dei store problema i denne saka er å finna ut kva ekspertar ein skal tru på.

- Nokre seier tildekking er best, andre seier heving er best. Det vi veit sikkert er at tildekking aldri kan verta ei permanent løysing, og vi ønskjer ikkje å ha 65 tonn kvikksølv liggande midt i matfatet vårt, seier ho til nh.

- Nasjonal omdømesak

Brandvik fortel at det ikkje er berre enkelt å jobba med denne saka politisk, då ei feil avgjerd kan få fatale konsekvensar i framtida.

- Vi opplever frustrasjon og vi er sjølvsagt redde for å ikkje gjera dei riktige tinga. Vi som politikarar har eit ansvar for å pressa fram saka og syta for at dei riktige tinga vert gjort. Vi sit tross alt med ansvaret for mange, framtidige generasjonar i hendene, seier ho til nh.

Lindås-ordføraren fortel vidare at regionrådet i Nordhordland har jobba med denne saka over lengre tid, og at dette er noko dei aktar å halda fram med.

- Dette er ei viktig sak for oss, men også for resten av landet, då den går på det nasjonale omdømmet til Norge, seier Brandvik.

Gladmelding frå regjeringa

Etter å ha vore på Fedje torsdag kveld, skulle Brandvik og dei andre ordførarane i Nordhordland etter planen møta statsminister Jens Stoltenberg i Bergen. Men Statsministeren vart sitjande vêrfast, og kom ikkje til Bergen før natt til fredag. Difor vart møtet med justisminister Knut Storberget i staden. Justisministeren kunne fortelja at regjeringa allereie har den vanskelege ubåtsaka på bordet, og har byrja å jobba aktivt med den.

- Det var akkurat dette vi ville høyra. Det var ein strek i rekninga at ikkje Jens kom til møtet, men Knut er ein dyktig politikar, og det var ei gledeleg nyheit han serverte, seier Brandvik.

Artikkeltags