Felles Halloween fest

Artikkelen er over 7 år gammel

175 ungdomar frå fire kommunar.

DEL

Det vart arrangert Hallowenn Party for ungdommane i Austrheim og Radøy fredag 28.10. Arrangementet var på Skogen Sletta. Bak arrangementet stod den nye ungdomskoordinatoren i Radøy,, Katarina Birkeland, den ”gamle” ungdomskoordinatoren i Austrheim, Anita Soltveit og leiar for Austrheim ungdomsklubb, Heidi Pedersen Sylta.

175 ungdomar deltok frå 4 kommunar, Lindås og Fedje var også invitert.

Spøkelsestunnel

- Eg hadde ein draum om spøkelsestunnel og den oppfylte frivillige ungdommar, Ole Kristian Sæle og Henrik Austrheim stod for utforming av spøkelsestunnelen, medan Tonje Thorpe, Christine Erichsen og Silje Marås skremte vetet av ungdommane som gjekk igjennom tunnelen, fortel Anita Soltveit. Og legg til at ungdommane fryda seg og tunnelen vart populær. Jentene skreik lenge før de var gått inn i tunnelen.

Premie

Det vart delt ut premier for beste utkledning og den gjekk til : Siri Isdal og Lars Kristian Grindheim

Eksemplarisk ungdom

Soltveit seier festen gjekk roleg for seg, ingen ungdommar vart sendt heim på grunn av drikking og det vart ikkje beslaglagt noko alkohol.

Dataparty neste

Neste samarbeids prosjekt mellom Austrheim og Radøy er 12. november. Då er det dataparty i Austrheimhallen.

Artikkeltags