Fekk over to år i fengsel for bildrap

OMKOM: Ein trebarnsfar omkom i denne ulykka i Hjelmåstunnelen i februar 2012.

OMKOM: Ein trebarnsfar omkom i denne ulykka i Hjelmåstunnelen i februar 2012. Foto:

Av
Artikkelen er over 6 år gammel

Under rettssaka sa den bildrapstiltalte at han fortente fengsel for det han hadde gjort. No er 31-åringen dømt til fengsel i to år og to månader, og har tapt retten til å køyra bil for alltid. No vurderer han å anka straffa.

DEL

Det skriv ba.no.

Trebarnsfaren Karsten Stall Osmundsen (36) omkom momentant då ein møtande bil kom over i motgåande køyrefelt inne i Hjelmåstunnelen i februar i fjor.

Den 31 år gamle føraren har tilstått å ha køyrt i rusa tilstand på E39. Sjølv slapp han frå hendinga utan varige mén, medan passasjeren, ein 33 år gammal kamerat av han, vart påført ein alvorleg hjerneskade.

LES OGSÅ: Familiefar omkom i ulukke

Politiet sine undersøkingar viste at 31-åringen hadde inntatt mellom anneaamfetamin, og var rusa tilsvarande 1,2 i promille då bilen hans kom over i feil køyrefelt.

Strengare enn aktor sin påstand

31-åringen la seg flat i retten og ba om orsaking til dei råka.

Forsvararen hans, Kjetil Johannes Ottesen, ba dommarne om å gje betydelig tilståingsrabatt og mildast mogleg straff då rettssaken vart avslutta i førre veke.

LES OGSÅ: Må i fengsel for trafikkdrap

Straffa frå Nordhordland tingrett er monaleg strengare enn aktors påstand.

– Eg er godt nøgd med at han er dømt i samsvar med tiltalen, seier aktor Jan Grahl-Madsen, som ba om fengsel i eit år og ti månader i sin prosedyre.

«Grov uaktsomheit»

«Tiltalte har med høg promille køyrd på ein trafikkert veg, E39, og grunna grov uaktsomheit har han kollidert slik at det fekk alvorlige følger for ein passasjer og fatale følgjer for førar av ein motkommande personbil. Dei allmennpreventive omsyn tilseier at han må idømmast fengsel utan vilkår av lenger varighet,» heiter det i dommen.

LES OGSÅ: Nektar straffskuld for bildrap

31-åringen må og betala 100 000 kroner i erstatning til både enka og kvart av borna, og 75 000 kroner til kameraten som fekk alvorlig hjerneskade som passasjer.

Vurderer å anka

Forsvarar Ottesen seier til BA at hans klient vil godta erstatningsdelen av dommen, men at han vurderer å anka straffutmålinga.

– Det førebelse standpunktet hans er at han ikke ynskjer å anka oppreisningserstatninga, men han registrerer at dommen er fire månader strengare enn aktors påstand. Han vil difor vurdera å anke. Eg personleg tykkjer at dommen er alt for streng, seier Ottesen.

Dersom det vert ein anke, er det ifølgje Ottesen, naturleg å også anka over det livsvarige førarforbodet.

Bistandsadvokaten til dei etterlatte hadde ikkje anledning til å kommentera dommen fredag ettermiddag.

Artikkeltags