Båten har vore full i heile sommar - no vert ruta utvida

Daniel Olai Kvernøy er driftsleiar i Gulenskyss AS som  gjennomfører båtruta med båten «MS Øyrosa»  som har plass til 47 passasjerar og god uteplass til dei reisande. Dersom ein tek rundturen på sykkel kan ein også ta denne med på båten.

Daniel Olai Kvernøy er driftsleiar i Gulenskyss AS som gjennomfører båtruta med båten «MS Øyrosa» som har plass til 47 passasjerar og god uteplass til dei reisande. Dersom ein tek rundturen på sykkel kan ein også ta denne med på båten. Foto:

Sommarbåten til Fedje har vore ein stor suksess

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Denne sommaren har det gått sommarbåt mellom Øygarden og Fedje, og det har vist seg å vere svært populært.

– Det har vore fullt belegg på samtlege avgangar, og diverre har det også vore dagar då det ikkje har vore plass til alle, fortel assisterande rådmann i Fedje kommune, Grete A. Herøy.

Etter planen skulle tilbodet avsluttast den 19. august, men sidan interessa for reiseruta har vore så stor, får sommarbåten ta to vender til, onsdag 23. august og laurdag 26. august, melder Herøy.

Sommarruta er eit forsøk på å knyta saman øyriket i vest tettar, og gjera rundturar i kystregionen meir tilgjengeleg både for lokalbefolkninga og for tilreisande

Tilbodet er eit samarbeidsprosjekt mellom kommunane Øygarden, Fedje og Austrheim som saman med Hordaland fylkeskommune finansierer drift av ruta.

Artikkeltags