Ny krim frå Fedje

LOKAL FORFATTAR: Aina Perny Krogh vaks opp på Fedje, men er no busett i Bergen. (Foto: Monika Kolstad)

LOKAL FORFATTAR: Aina Perny Krogh vaks opp på Fedje, men er no busett i Bergen. (Foto: Monika Kolstad)

Artikkelen er over 4 år gammel

Aina Krogh er forfattaren bak ein ny kriminalroman der det vakre landskapet på Fedje dannar bakteppe for fleire drap. U 864 har ein sentral plass i mysteriet.

DEL

«Orlogskaptein Ralf Wolf og hans menn skal dø om sekunder. Torpedoen treffer U864 midtskips og river opp skroget. Ubåten blir delt i to, synker til bunns og legger seg på 150 meters dyp. Blod og ånd svinner hen og bare navn og datoer blir igjen. Og kvikksølv.»

– Ideen til boka kom for mange år sidan, men då hadde eg ikkje tid til å sette meg ned og få den fram. Historia om ubåten og kvikksølvet var ei historie som måtte koma fram, seier forfattaren sjølv, Aina Krogh.

Ho tråkka sine barndomssko på den vakre øya i vest. Krigshistoria om den skjebnesvangre dagen i februar 1945, då den britiske ubåten HMS «Venturer» venta på «U 864» utanfor Vestlandskysten og skaut ubåten i senk, har forfattaren vove inn via ein av hovudpersonane: Lensmann Carl Selbekk fortel den til dottera Lynda då dei to ferierer på Fedje. Krogh understrekar at det ikkje er historiebok, men fantasi ispedd fakta om øya.

Historia om ubåten og kvikksølvet var ei historie som måtte koma fram

«U 864» var ein tysk undervassbåt som skulle frakta krigsmateriale frå Tyskland til Japan for bruk i krigen mot USA. Ubåten var mellom annalasta med 1 875 flasker med kvikksølv som skulle nyttast til våpenproduksjon. Ubåten brakk i to delar og sokk med heile mannskapet på 73 personar. På 150 meter djupn ved Fedje ligg ubåten framleis.

«Sommeren 2014. Carl Selbekk, ein entusiastisk og lokalkjent lensmann, er på ferie på Fedje når han sammen med sin eksentriske kollega må nøste opp i flere likfunn på den tilsynelatende fredelige øyen ytterst i havgapet. U-864 og kvikksølvet på havbunnen utenfor Fedje er ein tikkende bombe som påvirker hele øysamfunnet. Kan krigshistorien om ubåten ha noe med de makabre mordene å gjøre? Med liv og sjel og lokalt Hellisøl blir Selbekk bedre kjent med seg selv, sine kolleger og øyas innbyggere. Mer enn kvikksølv kommer til overflaten når ein kjent person viser sitt sanne ansikt»

Aina Krogh er i dag forfattar på heiltid. Ho vaks opp på Fedje, men er no busett i Bergen. Det var i vaksen alder, etter at ho blei arbeidsledig frå jobb i oljebransjen, at ho bestemde seg for å skriva. Då ho melde seg på forfattaropplæring fekk ho vite at ho burde nytta ein stad ho kjende godt som bakgrunn.

– Det var ikkje vanskeleg å koma til at denne staden måtte verte Fedje, der eg kjenner kvar krinkel og kvar krok, seier Krogh sjølvsagt.

– I boka nyttar eg stadnamn som finst på Fedje, nokon på dialekt, som til dømes «Pørko». Boka har eg skrive på bokmål for å nå ut til flest mogleg.

Det var ikkje vanskeleg å koma til at denne staden måtte verte Fedje, der eg kjenner kvar krinkel og kvar krok

«Karen er forsker. Hun bruker engangshansker på jobb. Og vet ikke at hanskene er farlige

En eneste dråpe er det hun har oversett. En dråpe på den ene hansken.

Hun er spesialist og kan mye om kvikksølv. Men lite om engangshansker.

Hanskene suger til seg kvikksølvet. Trekker inn i huden. Kvikksølvet angriper sentralnervesystemet lenge før man får symptomer

Karen mister balansen. Senere hørsel, syn og språk

Hun har åtti ganger den dødelige dosen av kvikksølv i blodet når hun får diagnosen

Kun få dager etter går hun inn i koma. Noen uker senere er hun død.»

Funnet av U-864 dannar bakteppet for romanen. I verkelegheita har lokalbefolkninga på Fedje kjempa i ei årrekkje for å få heva ubåtvraket.

– Korleis trur du denne boka vil verte mottatt?

– Tilbakemeldingane så langt har vore overveldande gode. Alle heiar på meg og eg er glad og stolt, fortel Krogh.

Lanseringa av boka vert på Pernillekafeen 20. februar. Krogh vil sjølv lesa litt frå boka, og deretter kan ein kjøpa boka her, samt hjå alle nettbokhandlarar i landet og i bokhandel.

– Vi har ein tryllekunstnar i familien, som tryllar for vaksne. Han skal vera med på å skapa ekstra mystikk på lanseringa, røper Krogh, som gler seg til lanseringa av boka ho gir ut på forlaget Kolofon.

LES OGSÅ: Jonny Skjelvik gir ut si tredje bok på halvanna år

Artikkeltags