Kystverket har gitt avslag på søknaden om etablering med heimel i hamne- og farvannslova og argumenterer med at anlegget ligg i eit losbordingsområde.
-Kystverket kunne ha komme med merknader til den aktuelle lokaliteten eller komme med motsegn til kommuneplanen. Det gjorde dei ikkje. Det er uakseptabelt at Kystverket etter at kommuneplanen er vedteken får gjennomslag for sin skepsis til etablering av næringsaktivitetar ved Tendeneset / Hjeltevarden. Det skriv Fedje kommune i eit brev til Hordaland fylkeskommune, som har avslått søknaden om etablering av oppdrettsanlegg, noko kommunen oppfattar er fordi Kystverket har stilt seg så negativ.
Ville ha ein stor aktør
Fedje kommunestyre uttalte 30. oktober i år at kommunen har eit stort behov for stabile og langsiktige arbeidsplassar. Dei ser det difor som ein fordel å ha store nasjonale aktørar i næringslivet, og dei folkevalde gav klart uttrykk for at dei ønsker at Marine Harvest får etablera seg på Fedje og bidra til vidare utvikling av næringslivet der.
– Med dette avslaget vil Fedje verta avskore frå å kunne dra i gang nye næringsaktivitetar. Vi er redd for at denne saka fort kan påføra kommunen nye tap og vanskar. Kommuneplanen var meint å vera eit godt styringsverktøy for handtering av enkeltsaker. Med avslaget friskt i mente, ser vi for oss at denne saka fort kan skapa presedens og gje utslag som vi vanskeleg kan forutsjå. Vi ser at vi ikkje har ei styring eller kontroll med arealbruken, heiter det i brevet som er underteikna rådmann Vidar Bråthen og plan-/utbyggingssjef Øyvind Tolleshaug.
Dei stiller spørsmål ved kva som er hensikta med å setta i gang store planprosessar når dette likevel ikkje blir følgt opp at regionale og statlege styresmakter.
Fylkesmannen positiv
Fylkesmannen har vurdert søknaden etter forureiningslova og naturmangfaldlova, og har sagt ja til å etablera oppdrettsanlegg. Mattilsynet har vurdert søknaden etter forskrift om etablering av akvakulturanlegg, og konkludert positivt. Det same har Fiskeridirektoratet, som har vurdert søknaden i høve til tradisjonelle fiskeriinteresser.
Hordaland fylkeskommune har ansvar for å slutthandsama søknadane etter akvakulturlova og laksefordelingsforskrifta.
Kommunestyret skal drøfta saka på sitt møte 11. desember.