Fann skålspenne frå vikingtida på Seim

UNIKT: Det unike med funnet av denne skålspenna på Seim er funnet av bevarte tekstilrestar, som ein kan sjå øverst til høgre i biletet.

UNIKT: Det unike med funnet av denne skålspenna på Seim er funnet av bevarte tekstilrestar, som ein kan sjå øverst til høgre i biletet. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Funnet vart gjort i det som truleg er ei kvinnegrav. – For oss som driv og byggjer opp ein vikingård er dette det beste som kunne ha skjedd, seier Silje og Ole Kristian Kjenes som driv Spurkeland vikingard.

DEL

Funnet som er gjort på Seim er så unikt at Universitetsmuseet vil starta utgravingar så fort som råd, truleg vil det første arbeidet starta opp alt fredag med førebuingar til sjølve gravinga. Den kan vera i gang frå mandag av, litt avhengig av veret.

Gjenstanden som vart funne er ein oval skålspenne i bronse som vart brukt til å festa skulderbanda til forstykket på kjolar. Ut frå bilder har arkeolog Søren Diinhoff ved Universitatsmuseet datert funnet til å vera frå kring år 900, altså midt i vikingtida. Saman med skålspenna vart det funne bitar av tekstil, noko som er uhyre sjeldan å finna bevart etter så lang tid i jorda.

– Det er eit veldig godt funn for å seia det mildt, seier Diinhoff om tekstilrestane

– Eg veit om ein i Oslo som jobbar med dette som vil bli veldig begeistra, seier han.

Gjort alt rett
Arkeologane rosar finnarane for å ha gjort alt rett når dei kom over desse gjenstandane.

– Dei har stoppa gravinga og varsla oss, det er det ikkje alle som gjer, fortel Diinhoff.

Gjenstandene vart pakka i jord etter funnet, for å bevara dei best mogleg. No skal dei rensast og konserverast så raskt som mogleg.

Funnet vart gjort mandag kveld av Stein Erik Endresen, som kjøpte seg metalldetektor i sommar. Han har blitt inspirert av serien «Skattejegerne» som går på TV, og ville prøva sjølv.

– Dette er tredje gongen eg gjer søk med detektor, fortel Endresen.

Artikkeltags