Glasbordet til Karen og Fredrik eksploderte i stova

SMADRA: Dette var synet som møtte familien Sætre på morgonkvisten natt til onsdag. Glasbordet eksploderte i tusen bitar midt på natta.

SMADRA: Dette var synet som møtte familien Sætre på morgonkvisten natt til onsdag. Glasbordet eksploderte i tusen bitar midt på natta. (Foto: )

– Kjem aldri til kjøpa glasbord igjen.

DEL

Papiravisa og full digital tilgang i 1 månad for berre 49 kroner!

Det var natt til onsdag at Fredrik (35) og Karen Sætre (34) frå Frekhaug vakna av eit høgt smell frå stova i andre etasje. 

– Eg tenkte «jøss!». Då eg høyrde smellet trudde eg at det var nokon som hadde teke seg inn i stova, så då stod eg opp med ein gong for å sjekka, seier Fredrik til Avisa Nordhordland.

Han sov i rommet attmed, og då han kom inn i stova var det eit sjokkerande syn som møtte han. Sofabordet av glas var smadra utover heile golvet og i sofaen.

– Det einaste eg klarte å tenkje var «oi, her var det mykje glas, dette vert ein lang dag!». Og så tenkte at eg var veldig glad for at det ikkje skjedde på dagtid når det var folk i stova, fortel han vidare.

Før dei la seg for kvelden, rundt midnatt, høyrde dei at det knaka litt i andre etasje, men dei tenkte ikkje noko meir over det. På bordet stod det også berre ein blomstervase.

Sperra av området

Fredrik og kona Karen har borna Vilde på eitt år, og Vinjar på tre år. Paret fortel at borna oppheldt seg i området rundt bordet og leikar der kvar dag.

Karen sov nede i første etasje med eldstemann, også ho høyrde smellet i overetasjen og gjekk opp for å sjå. Som Fredrik, vart også ho sjokkert.

SAVONA SOFABORD: Den gamle eigaren av bordet kjøpte det på Bohus. I dag sel møbelkjeden same type sofabord i ein oppgradert versjon.

SAVONA SOFABORD: Den gamle eigaren av bordet kjøpte det på Bohus. I dag sel møbelkjeden same type sofabord i ein oppgradert versjon. (Foto: )

– Eg hadde ikkje peiling på at noko sånt kunne skje! Eg tenkjer at dette er viktig at andre også vert opplyst om, seier Karen.

Dei bestemte seg for å legga seg til å sove att, og at dei skulle ta tak i situasjonen på morgonkvisten.

Klokka 8 neste morgon sperra paret av området i stova med eit barnesikrings-gjerde slik at borna ikkje skulle trakka oppi glasbrota. Så ringte dei til Storebrand som umiddelbart sendte ut folk frå firmaet Polygon.

– Dei rydda opp og støvsuga opp alt saman, og deretter sendte dei skademelding til Storebrand, fortel Fredrik.

– Har hendt fleire

Glasbordet vert opprinnleg seld på Bohus, og er av typen Savona sofabord, men Karen og Fredrik kjøpte det brukt på Finn.no i 2014.

Bordet var då utan ei einaste skramme hevdar dei, og paret fortel at det ikkje har kome sprekkar i glaset i ettertid før bordet eksploderte tysdagsnatta. Dei veit ikkje når bordet vart kjøpt på Bohus av den tidlegare eigaren.

– Vi har ikkje teke kontakt med Bohus sjølve, men vi vart opplyst av forsikringsselskapet om at andre eigarar av glasbord har opplevd det same, fortel Frekhaug-paret.

– Då eg søkte på nettet, fann eg fleire tilsvarande sakar, seier Karen vidare.

SMÅBARNSFAMILIE: Karen og Fredrik Sætre er letta over at borna Vilde (1) og Vinjar (3) ikkje vart skada av glasbrota.

SMÅBARNSFAMILIE: Karen og Fredrik Sætre er letta over at borna Vilde (1) og Vinjar (3) ikkje vart skada av glasbrota. (Foto: )

– Skjer svært sjeldan

John Moe, kvalitets- og miljøansvarlig hos Bohus AS, fortel at møbelkjeda har seld Savona sofabord sidan 2010. Jamfør Moe har dei seld svært mange glasbord av typen, men registrert få reklamasjonar.

–Vi sel berre glasbord produsert av herda glas som er det tryggaste på marknaden i dag, og vi stiller krav til alle leverandørane om at glasbord skal vere i herda utføring, seier Moe til Avisa Nordhordland.

Vidare seier han at Bohus har strenge rutinar rundt innkjøp av glas, og alle bord i herda glas vert varme-testa av produsentane før utsending slik at eventuelle spenningar i glaset skal avdekkast.

– Vi er kjende med at i svært få tilfeller kan glasbord spontan- granulere. Det vil seie at det då vert pulverisert i små bitar, men då er det sjeldan at nokon vert skada i og med at det ikkje knusar i store glasbrot. Om dette hender, skjer det primært like etter produksjon, seier Moe og legg til:

– Skjer det fleire år etter produksjonen, skuldast det som oftast ein eller annan form for fysisk påvirkning, støtskade eller liknande.

Han forstår om ein tykkjer det er merkeleg at glasbord eksploderer på natta utan å vere i kontakt med noko, men legg til at det kan gå noko tid frå bordet eventuelt får seg ein dunk til at det vert knust.

Han understrek at ei brukarrettleiing følgjer med kvart produkt som Bohus sel til forbrukarane. Når det gjeld glasbord, er problemstillinga om knusningsskadar nemnd tydeleg i vegleiinga, jamfør Moe.

– I høve til tryggleik, er vi opptekne av å informera våre kundar godt ved sal av glasbord. I dette høve vart bordet vidareseld, og då er det ei utfordring å få formidla opphavleg informasjon, understrek han.

Moe legg til at Bohus alltid oppmodar kundar som har kjøpt møbler hos dei til å ta direkte kontakt med varehuset dei kjøpte produktet frå dersom noko slikt skjer.

– Vi ynskjer å yte god service og hjelpa kundane våre, avsluttar han.

– Ei tikkande bombe

Familien Sætre har også ein hund, men han var ikkje i huset natta bordet eksploderte og vart dermed ikkje skada, det er familien sjølvsagt letta over.

– Vi kunne også ha risikert at nokon hadde fått splintar i auga om dette hadde skjedd på dagen, så vi er veldig glade for at ingen vart skada.

– Hadde eg visst at noko slikt kunne skje, hadde eg aldri kjøpt eit glasbord, seier Karen.

Paret vil no åtvare andre familiar som eig glasbord, særleg dei med små born i hus.

– Eit slikt glasbord er ei tikkande bombe. Det er glas som står i høgspenn og som kan eksplodere. Du veit jo aldri når det kan skje, seier dei.

Artikkeltags