Etablerer Subsea Island i Nordhordland

KLADDA PÅ SERVIETT: Det første utkastet til vedtekter vart kladda ned på ein serviett. - Den heng no på kontoret mitt i glas og ramme, seier Lasse Ståløy (t.v.), saman med Rune Skarpenes som og var med på det første møtet.

KLADDA PÅ SERVIETT: Det første utkastet til vedtekter vart kladda ned på ein serviett. - Den heng no på kontoret mitt i glas og ramme, seier Lasse Ståløy (t.v.), saman med Rune Skarpenes som og var med på det første møtet. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Går saman om å nå botn.

DEL

Ver heime sjølv om du er borte. Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

RADØY: – Med dette samarbeidet kan vi gå samla inn mot større kundar i subsea-marknaden, seier Lasse Ståløy, dagleg leiar i Radøygruppen.

På Radøy finn vi fleire aktørar som kvar for seg jobbar innan subsea-marknaden med sine ulike produkt, og dette er bakgrunnen for at det no vert starta opp eit formalisert samarbeid under namnet Subsea Island. Bak grupperinga finn vi verksemdene Radøygruppen, Mundalgruppen, Plastinvent og Maritime Engineering.

LES OGSÅ: Skal kjempa om riggjobbar i Skipavika

– Det har vore eit samarbeid mellom oss i alle år, så det fell heilt naturleg å gjera dette, seier Lasse Ståløy, dagleg leiar i Radøygruppen og ein av initiativ-takarane bak nysatsinga.

Den offisielle skipingsdatoen er 1. februar 2013, men nyskapinga vart lansert på eit nettverksmøte for subsea-verksemder på Mongstadbase torsdag.

– Dette skal bli eit fora for å bygga kvarandre gode, slagordet vårt er ”Saman skal vi nå botn”, seier Ståløy.

Stå samla

Dei tre verksemdene har handla mykje med kvarandre og på den måten dekka behovet til sine enkelte kundar.

– Med å stå samla kan vi no gå saman inn mot større kundar, og legga til rette for utvikling av både produkt og kompetanse, seier han. Tanken er at ein kan hausta av andre sine erfaringar og sleppa å gå opp same løpet som andre i gruppa alt har gått opp.

Konkrete prosjekt

Gruppa er alt i gang med konkrete prosjekt som involverer fleire av verksemdene i gruppa, men noko meir enn det vil ikkje Ståløy røpa i denne omgang.

Vidar Aasgård i Mundalgruppen har stor tru på samarbeidet.

– Med denne samlinga kan vi seia ja til større jobbar enn vi som enkeltverksemder kan handtera, seier Aasgård, som er glad for at dei alt har konkrete prosjekt i sving.

LES OGSÅ: Lokalt næringsliv ser lyst på framtida

– Det skjer mykje og det skjer fort. Då har ein to val, ein kan hoppa på toget, eller ein kan stå att på perrongen når toget går. Vi skal ikkje vera dei som står att, seier han.

Mundal jobbar med konstruksjonar i kompositt, noko som gir ein betydeleg vektreduksjon utan at det reduserer styrken på konstruksjonane.

– Vi er i gang med å utvikla ei ny type gangbru til plattform. Den gamle stålkonstruksjonen skal skiftast ut, og grunna avgrensingar på tilgjengelege kranar ser dei seg om etter alternative materialar, fortel Aasgård.

– Dette har ikkje vore gjort før, og er eit spennande prosjekt for oss, seier han.

Starten på noko stort

Børge Brundtland i Industriutvikling Vest trur det nye samarbeidet kan gi store moglegheiter.

– Etableringa av Subsea Island er ein av dei mest spennande nyheiter i lokalt næringsliv på lang tid. Kvar for seg har dei i lang tid vore utviklingsorienterte og offensive. No blir dei endå sterkare saman, både på produktutvikling og for å kjempa om større oppdrag til regionen, seier Brundtland.

LES OGSÅ: Skal levera fiskefartøy til 85 mill. kroner

– Eg trur at dette samarbeidet er byrjinga på noko stort for lokalt næringsliv, seier han.

Artikkeltags