Erfaringane til lokalt brannvern, skal gjera resten av landet betre

Artikkelen er over 5 år gammel

MELAND:– Lindås og Meland brannvern er utruleg flinke på det dei gjer, difor er det nyttig for oss å få testa kurskonseptet vårt her, seier Jan Einar Andersen i Norsk Luftambulanse. VIDEO: Morten Sæle/Avisa Nordhordland

DEL

Andersen er prosjektleiar for luftambulansen si satsing på Tverretatleg akuttmedisinsk samarbeid (TAS), og leia den store øvinga for naudetatane i Nordhordland førre veke. Dette er tredje gongen Lindås og Meland brannvern er plukka ut til å delta på pilotkursa i regi av Stiftinga Norsk Luftambulanse, og evalueringane frå desse kursa dannar grunnlaget for dei endelege kursa som vert køyrd på landsbasis.

LES OGSÅ: Står klare til å redda liv i helga

– Det er alltid ei glede å komma hit, tverrfagleg samarbeid er eit prioritert emne for naudetatane i Nordhordland, og noko dei er opptekne av, seier Andersen.

11 skadde

Scenarioet for øvinga denne gongen var ei møteulykke med tre involverte køyretøy, og totalt elleve skadde. Tre pasientar er kritisk skadde, to er livlause, og resten er alvorleg skadde. Markørar frå ambulansefaglinja i Os sørger for realismen.

– Hovudfokuset denne gongen er samarbeid og kommunikasjon mellom dei ulike blålysetatane, taktikk på skadestaden og rett prioritering av pasientar. Når alle saman skjønar kva taktikken er, vert den enklare å gjennomføra, seier Andersen, som ikkje nøler med å skryta av dei lokale kreftene.

LES OGSÅ: Gjert mista dottera i helikopterstyrt

– Dei er utruleg flinke, det er imponerande det dei gjer. Dei er veldig gode på det praktiske dei gjer, og alltid positive til å sjå på dei nye tinga vi kjem med, seier han, og legg til at Lindås og Meland har tatt initiativ og vore ein pådrivar for samhandling mellom etatane.

Nils Medaas i Lindås og Meland brannvern er glad for samarbeidet med luftambulansen.

– Ikkje tilfeldigheiter og flaks

– Dei har høg kvalitet på kursa dei leverer, og gir oss ein raud tråd der vi gjer ting likt. Våre evalueringar etter desse kursa gjer at dei andre får eit betre kurs, seier Medaas.

– Vi har eit distrikt med eit godt samhandlingsgrunnlag. Vi skal samarbeide, det er ein lur måte å utnytta dei tilgjengelege ressursane på. Det er ikkje tilfeldigheiter og flaks som ligg bak kvar gong det går bra der ute, vi tar høgde for dette og har gjort det lenge, seier han.

– Vi står godt rusta her i høve til mange andre stader, der dei sjeldan har felles øvingar, seier Medaas.

LES OGSÅ: Stadig fleire kvinner vil bli brannmann i Lindås

Artikkeltags