Straumprisen auka med 24 prosent samanlikna med fjoråret

OPP: Kraftprisen auka med 24 prosent i første kvartal 2017, samanlikna med første kvartal 2016.

OPP: Kraftprisen auka med 24 prosent i første kvartal 2017, samanlikna med første kvartal 2016. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

KRAFT: Snittprisen vart 27 ør per kilowatttime i første kvartal. Det er 24 prosent høgare enn på same tid i fjor.

DEL

Magasina hadde ein fyllingsgrad som var 5,6 prosentpoeng under normalen ved inngangen til 2017, syner ein rapport om kraftsituasjonen i 1. kvartal 2017 frå NVE. I fjor på same tidspunkt var fyllingsgraden rekordhøg, skriv Firda.

– Den tørre hausten gav oss betrakteleg mindre vatn til å produsere elektrisk energi samanlikna med 2016. Sjølv om vi med klimaendringar forventar gradvis meir nedbør over tid, kan vi ikkje forvente nye rekordar kvart år, seier Vassdrags- og Energidirektør Per Sanderud i ei tilhøyrande pressemelding.

Auka med 24 prosent

I snitt hadde dei fem norske kraftprisområda ein snittpris på 27 øre/kWh for første kvartal 2017. Det svarar til ei auke på 24 prosent samanlikna med kraftprisane for første kvartal 2016.

I Nord-Norge vart auken i kraftprisen berre 8 prosent, grunna at landsdelen har kraftoverskot, i tillegg blir kraftlinjene som sender kraft sørover avgrensa på grunn av oppgradering.

Kolprisen har auka med om lag 70 prosent i snitt for første kvartal 2017 samanlikna med fjoråret. Krafthandelen med utlandet har difor vore relativt dyrare i år og har indirekte auka dei norske kraftprisane.

– Gjennom kraftmarknaden blir vi også påverka av den globale brenselsmarknaden, spesielt når vi ikkje har eit like stort overskot på kraft som vi hadde i fjor, seier Sanderud.

500 kroner meir

For ein vanleg hushaldning som brukar 20.000 kWh i året utgjer prisstiginga i overkant av 500 kroner på straumrekninga samanlikna med fjoråret. Dette skjer trass i at første kvartal 2017 hadde omtrent éin grad høgare snittemperatur enn året før.

For aller første gong syner førebels statistikk at vindkrafta har produsert over 10 TWh i Norden i løpet av årets første kvartal. I tillegg syner den førebelse statistikken at svenske og finsk kjernekraft har produsert over 25 TWh, noko som er på det høgaste nivået dei siste 10 åra.

– Vindkraft utgjer ein stadig større del av den nordiske kraftmiksen. Samstundes har den svenske og finske kjernekrafta gått knirkefritt igjennom heile første kvartal 2017. Det er faktorar som saman med ein relativt mild vinter har redusert prisoppgangen for norske forbrukarar, seier NVE-direktøren.

Artikkeltags