Det som byrja som ei elevbedrift, har utvikla seg til ein innbringande og morosam hobby for tre unge gutar frå Dalsøyra.

- Vi byrja å jobba på skulen, men no gjer vi mykje på fritida også, seier Nicolai Andersen, som saman med kameratane Erlend Haveland og Kim André Hundal har starta si eiga bedrift, kalla Benk Ekspertane.

Som namnet langt på veg avslører, driv dei tre åttandeklassingane i benkbransjen. Så langt har dei laga og seld fire store benkar i tre, og enno har dei 15 bestillingar å ta seg av. Ein kan med andre ord trygt slå fast at dei tre karane har ein del arbeidstimar framfor seg.

- Det går litt meir enn seks timar å gjera ferdig ein slik benk når alle tre jobbar saman. Vi kjem til å halda fram med bedrifta også etter at prosjektet Elevbedrift er avslutta, seier Nicolai, og får samtykkande nikk frå sine to medsamansvorne.

- Stor etterspurnad

At elevane får etablera sine eigne bedrifter er tradisjon på Dalsøyra skule. Annankvart år får elevane sjølv ansvar for å oppretta og driva si eiga bedrift gjennom nokre månader, eit opplegg som har vist seg svært effektivt. Faktisk viser det seg at elevar som har tatt del i ei elevbedrift har enklare for å etablera si eiga bedrift når dei vert vaksne.

I år var det heile 14 bedrifter i aksjon på Dalsøyra, og alt frå snekring og fiske til kokkekunst og rockeband var representert. Nokon av elevane starta opp og dreiv enkeltmannsføretak, medan andre jobba i grupper, som dei tre karane i Benk Ekspertane.

- Vi har snekra litt tidlegare, no har det vorte mykje meir. Vi sel benkar for 1000 kroner stykke, og det er ganske rimeleg. Benkane har vorte veldig populære, fortel dei tre.

Flinke vaktmeistrar

Nicolai, Erlend og Kim André har gjort gode handverk den siste tida, men det er dei ikkje åleine om. Tiandeklassingane Viggo Leirnes Espås, Mads Rambjørg og Kristoffer Haveland har alle vore tilsette som vaktmeistrar på skulemuseet på Dalsøyra. Her har dei skifta utvendig kledning, rydda og måla, i det heile tatt pussa opp.

- Og vi har fått skikkeleg løn for jobben også. Det skulle forresten berre mangla, den veggen vi sat opp kjem til å stå der i 150 år. Minst!, seier Viggo, som ikkje legg vidare skjul på at han synest bedrifta han har vore ein del av, har gjort ein framifrå jobb.

Kokkelering

Nokon som også har gjort handverk, men på ein litt anna arena, er veninnene Lene Mari Andersen og Hildegunn Opdal. Dei to starta elevbedrift eit tidlegare skuleår, der dei laga bagettar, lefser, syltetøy, kjeks og blautkaker. I år tok dei opp igjen tråden.

- Bedrifta er den same, vi har berre vidareført den litt, seier dei to jentene.

Alle elevane på Dalsøyra skule har i tillegg til å gjera ein jobb, også ført rekneskap og logg. Skatt har dei også måtte betala, men berre ein symbolsk sum på 10 prosent, som går rett tilbake til skulen. Torsdag var foreldre og søsken invitert for å sjå og høyra sine håpefulle presentera kva dei har jobba med dei siste månadane.

Varierte verksemder

At Dalsøyra-elevane har mykje variert i seg, det er det liten tvil om. Rockebandet A.K.T. opna torsdagens arrangement med Ozzy Osbourne sin slager ”Paranoid”, til stor applaus frå dei frammøtte. Elevbedrifta har tent pengar gjennom å arrangera konsertar.

Blant andre bedrifter elevane har sysla med, kan det nemnast bilvask, vaktmeisterteneste, avløysar, grindbyggjar, fiskar og blomsterkasse-snekkar.

Fleire av elevbedriftene kjem også til å halda fram drifta på privaten, sjølv om prosjektet no er over frå skulen si side.