Gå til sidens hovedinnhold

Elektrisk satsing på el-39

Artikkelen er over 7 år gammel

Vil bygge ladestasjon for sju bilar om dagen.

Den store satsinga på å gjera den norske vegnettet brukbart for elektriske bilar held fram, og no vil ein etablera ein hurtigladestasjon for elektriske bilar på Romarheim.

Denne vil inngå i ei rekkje av hurtigladestasjonar mellom Stavanger og Sognefjorden og er ein del av Hordaland fylkeskommune sin klimaplan.

LES OGSÅ: Elbil-korridor blir opna

Per i dag er det ein hurtigladestasjon i Knarvik og ein i Oppedal, men det er for langt mellom dei med tanke på den relativt bratte stigninga opp Romarheimsdalen.

Særleg på vinterstid er det rekna for å vera for langt og bratt på denne strekka.

Noreg er verdsmeistrar når det kjem til kjøp av elektriske bilar. I november 2012 var det «berre» litt over 9.400 el-bilar i Noreg. Allereia i juli 2013 var dette talet auka til over 13.000. i tillegg kjem litt over 550 plug in-hybrider.

LES OGSÅ: Første El-bil til Lindås

Men i Nordhordland er det ikkje så veldig mange el-bilar, faktisk var det i mars 2013 berre registrert el-bilar i fire av sju Nordhordlandskommunar. Tilsaman 55 av dei rundt rekna 13.600 el-bilane i Noreg er i Nordhordland.

I heile Hordaland er det registrert 1272 el-bilar. Ikkje overraskande er dei fleste i Bergen.

Og det er heller ikkje stor trafikk med el-bilar forbi stasjonen i Romarheimsdalen. Fyrste januar 2013 rekna ein med at årsdøgnstrafikken (ådt), var på sju bilar.

LES OGSÅ: Behold bilen i fem år

Det betyr at sju bilar køyrer forbi det punktet ladestasjonen skal stå, kvar dag, året rundt.

Men ein ser og for seg ein stor auke i framtida, og alt i 2016 reknar ein med at 43 el-bilar vil passera ladestasjonen, som kan lada 48 bilar i døgnet.

Det er rekna at stasjonen vil kosta litt over ein halv million kroner og etter planen skal kommunane Masfjorden, Lindås og Modalen gå inn med 50.000 kroner kvar.

Formannskapet i Lindås har saka oppe til vurdering i dag.

LES OGSÅ: Framtids-Toyotaen er her