Gå til sidens hovedinnhold

Eldregeneralen forkasta

Artikkelen er over 17 år gammel

RADØY: Pensjonist-foreiningane har innstilt Georg Dalland til ein plass i eldrerådet, men formannskapet forkastar likevel den mangeårige leiaren.

Dalland sin erstattar fekk først vita om skiftet då ho kom heim frå juleferie.

– Eg kallar ein spade for ein spade, det er det enkelte som ikkje toler, seier Dalland.

Dei to pensjonistforeiningane Manger/Sæbø og Hordabø vel kvar sine to medlemmar til eldrerådet, i tillegg vert det valt to politikarar.

Tidlegare har formannskapet aldri gått imot pensjonistlaga si innstilling. Men i sist møte vart Georg Dalland erstatta av Astrid Hagen, utan at nokon av dei to fekk beskjed på førehand.

Hagen var av pensjonistlaget innstilt som første vara. Dagfinn Tjore held andreplassen på lista.

– Ordføraren ringde søndag kveld. Han grunna avgjerda med at folk ikkje likte leiarstilen min. Han er den som skuffar meg mest. Ordføraren av alle burde kjenna dei demokratiske spelereglane, aldri tidlegare har formannskapet forkasta dei personane pensjonistforeiningane har innstilt, seier Dalland.

– Dette er ei overprøving av pensjonistane. Eg skulle likt å sett det same skje med til dømes ungdomsrådet, legg han til.

- Vart paff

Astrid Hagen frå Manger er altså den formannskapet vil ha som førstekandidat frå Manger og Sæbø. Ho seier til Nh at ho først fekk høyra om valet då ho kom heim frå juleferie.

– Vart paff, sidan vi hadde sett opp Georg Dalland og Dagfinn Tjore. Men eg reknar med at formannskapet har undersøkt at det dei gjer er i tråd med regelverket, seier ho.

Totalvurdering

Ordførar Olav Steinar Namtvedt seier at det ligg ei totalvurdering bak avgjerda. Han ønskjer ikkje å kommentera Dalland sin leiarstil, men stadfestar at eldrerådsleiaren har stått på for dei eldre i Radøy.

– Vi må vurdera innspel frå mange kantar. Dette er val som må takast som ikkje er kjekke, men som er ein del av jobben, seier Namtvedt.