I perioden sykkel-VM gjekk i Bergen arrangerte Meland-firmaet Motitech, som gjer det godt på visualisert eldretrim, VM i sykling for eldre på fleire sjukeheimar i Nordhordland.
Den som klarte å sykle aller lengst var Eirik Næss på Meland sjukeheim. Næss sykla imponerande 1476,4 km under konkurranseperioden.

Jarle fryktar for trafikktryggleiken når den nye parkeringsplassen vert opna
Pokal og nasjonalsong
Sist fredag var det klart for premieutdeling på Meland sjukeheim og den stod i stil med det verkelege verdsmeisterskapet.
Sjukeheimen var pynta med flagg, det var champagnebrus i glassa, kaffi og stor kake stod på bordet.
– Vi song nasjonalsongen, Jon Ingar Kjenes i Motitech heldt tale, avdelingsleiaren sa nokre ord, og så sa Eirik også nokre ord sjølv. Sykling er viktig for han for å halde Parkinson-sjukdommen i sjakk. Han takka sjukeheimen for at dei legg til rette for at han kan sykle, seier Jan Inge Ebbesvik i Motitech.

Lovise Matre får eldreprisen 2017
I tillegg til pokal og blomar, vanka det presang frå dei tilsette for den formidable innsatsen.
På 2. plass i konkurransen for menn kom John Norvald Hope på Masfjorden sjukeheim med 1295,1 km, medan Reidar Schoopp på Lura Bu- og aktivitetssenter tok bronsen med 1013,7 km.
Motitech er strålande fornøgd med sykkel-VM for eldre.
– 1150 deltakarar som har sykla nesten 30 000 km under VM. Fantastisk engasjement!
