Lovise Matre får eldreprisen 2017

Lovise Matre fekk tildelt årets Eldrepris i Masfjorden av varaordførar Torill Torsvik Størkersen.

Lovise Matre fekk tildelt årets Eldrepris i Masfjorden av varaordførar Torill Torsvik Størkersen. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

«Årets prisvinnar har gjennom heile sitt vaksne liv lagt ned ein eineståande innsats for å betra livskvaliteten for andre» skriv kommunen i grunngjevinga.

DEL

Lovise Olaug Matre vart under eldredagane i Masfjorden tildelt Eldreprisen 2017, melder Masfjorden kommune på sine heimesider.

Heidringa vart kunngjort på eldredagen i Masfjorden, i samband med det årlege arrangementet på sjukeheimen.

Det var varaordførar Torill Torsvik Størkersen som overrekte prisen på vegner av Masfjorden eldreråd.

I grunngjevinga for tildelinga står det:

«I kommunen vår er det mange som legg ned prisverdig samfunnsgagnleg arbeid for eldre. Me har arenaer for organiserte tilbod, slik som formiddagstreff, eldrekafear, seniorsamlingar, pensjonistmøte, seniordans med meir. Alt dette skal organiserast og leiast.-

Mange eldre er viktige bidragsytarar og pådrivarar i lagslivet generelt i kommunen vår. I tillegg veit me at mange eldre nyttar mykje tid for å hjelpa og støtta andre eldre. Alt dette er med på å heva livskvaliteten til ei stor gruppe av innbyggarane i kommunen vår.

Årets prisvinnar har gjennom heile sitt vaksne liv lagt ned ein eineståande innsats for å betra livskvaliteten for andre. Prisvinnaren er eineståande hjelpsam og imøtekommande. Vedkommande stiller seg alltid til disposisjon når andre treng hjelp, og har eit eineståande blikk for å sjå andre. Når det er behov for transport til ymse samlingar er prisvinnaren alltid behjelpeleg når andre eldre ringer og spør. Prisvinnaren tek gjerne kontakt med andre når det er ledig plass i bilen.

Prisvinnaren har vore særs aktiv og trufast i lagslivet i kommunen. I møtesamanheng er vedkommande svært delaktig og har alltid gode idear og meiningar. Det er lett og trygt å samarbeida med prisvinnaren. I tillegg blir det lagt ned ein eineståande innsats for å førebu og gjennomføra samlingar for eldre, og ein kjenner seg umåteleg godt vareteken i prisvinnaren sitt nærvær. Prisvinnaren er i dag styremedlem i eit pensjonistlag og er ein av dei gode drivkreftene som lagar til eldrekafeane på sjukeheimen.

Eldrerådet er takksame for alt det arbeidet som prisvinnaren har gjort for andre og vil i år dela ut eldreprisen til Lovise Olaug Matre.»

Artikkeltags