Gå til sidens hovedinnhold

Eks-politi hadde 3772 skot heime

Artikkelen er over 7 år gammel

Hadde og 19 kilo krutt. No er han dømt.

Sommaren 2011 aksjonerte politiet mot huset til ein tidlegare politimann i Meland.

Der kom dei over store mengder ulovlege våpen.

Den våpenkyndige hadde fire rifler og ein pistol i heimen, som han ikkje hadde våpenkort på.

LES OGSÅ: Vil unngå flammeinferno i Nordhordland

I tillegg hadde han to revolvarar, to pistolar, ei hagle og ei rifle i huset, ikkje noko av dette var oppbevart på lovleg vis.

Då politiet sjekka huset fann dei og nesten 4000 skot heime, i tillegg til 19 kilo krutt.

Mellom anna oppbevarte han fleire fenghetter og ei lunte for dynamitt i umiddelbar nærleik til eit skåp med heile ti kilo krutt i.

Kruttet brukte han til å laga dei nesten 4000 skota med. Heller ikkje ammunisjonen var låst ned, slik det er krav om.

LES OGSÅ: Mann truga med skytevåpen

Fenghettene, som inneheld mindre mengder eksplosiver, er ustabile ved støyt og skader og kan difor lett eksplodera.

Nordhordland tingrett peikar på at i kombinasjon med ti kilo krutt, utgjer det ein monaleg risiko for brann og eksplosjon.

Det er heller ikkje lov å ha meir enn fem kilo krutt heime, utan særskilt løyve.

Den tidlegare politimannen var og tiltala for å ha skote med skarpt på eigedommen sin, utan å forsikra seg om at det ikkje var folk i terrenget bak. Dette vart han ikkje dømt for, då retten meinte politiet ikkje hadde ført nok bevis for at eks-politimannen faktisk hadde skote på det tidspunktet som kom fram i tiltalen.

LES OGSÅ: Tatt etter melding om skyting

Den tiltalte har nekta å forklara seg for politiet, han møtte heller ikkje opp i retten for å avgje forklaring.

Nordhordland har no dømt mannen til fengsel på vilkår i 60 dagar, med ei prøvetid på to år.

Det er og tatt beslag i alle våpen, skot og krutt han hadde i huset.