Eit halvt år etter at han vart politisk aktiv var Jon ordførar

Artikkelen er over 4 år gammel

RADØY: Han er ordførar og regionrådsleiar, men også pappa til tre, ektemann og engasjert sambygding med eit brennande hjarte for ungdomsarbeid. I går runda Jon Askeland 50 år.

DEL

Jon Askeland gir ordet kometkarriere ei heilt ny betyding. At han nokon gong skulle verta ordførar, eller for den saks skuld politikar, var aldri med i planane hans. Men slik vart det, altså. Og det på rekordtid. Historia er like spesiell som den er sann.

– Eg fekk ein førespurnad om eg kunne vera ein del av lista til Senterpartiet i Radøy, og det sa eg ja til. Men det var altså ein plass langt nede i systemet, fortel han.

Med ein fast jobb i Felleskjøpet han treivst godt i, levde Jon fint med å vera listefyll. Men så nærma det seg val, og då det vart klart at Olav Steinar Namtvedt ikkje ville ta attval, trong Senterpartiet ein ny ordførarkandidat. Partiferskingen Jon vart løfta fram som denne kandidaten.

Rekordval

– Då eg sa ja til å stå på lista var eg innstilt på å gjera den vanlege innsatsen. Då eg vart lansert som ordførarkandidat var eg klar på at mi meining var at nokon andre måtte spørjast. Men heile partiet ville ha meg på førsteplass. Det vart mykje tenking, men eg stilte til val med heile partiet i ryggen, og det har eg aldri angra på, fortel han.

Senterpartiet vann kommunevalet på Radøy med god margin, og gjekk fram med eit mandat i kommunestyret. Eit halvt år etter at han vart partipolitisk aktiv, var Jon Askeland ordførar for nesten 5000 radværingar. Fire år seinare vart han attvald av dei same radværingane, med rekordtal og nok eit mandat i kommunestyret.

Les også: Vert eit jubelår for Radøy

Eller sagt med reine ord: Folket på den grøne øya hadde fått sansen for den folkelege, engasjerte og alltid humørfylte karen frå Høyen på Solheim.

Jon på Høyen

For det er altså der han bur, Radøy-ordføraren. På toppen av Sæbø-bygda. Han er Jon nummer sju i rekkja, fordelt på like mange generasjonar, som har budd på familiegarden Høyen. Det var riktig nok ikkje her han vaks opp. På Askeland trødde han barneskoa sine, saman med tre eldre søsken.

Men det vart nokså tidleg klart at han skulle overta småbruket som har vore i mora sin familie i ei årrekkje. For 21 år sidan flytta han til Sæbø-bygda saman med kona Jorunn, og sidan den gongen har han berre vore Jon på Høyen for naboane. Også etter at han fekk ordførarkjeda rundt halsen.

– Det er faktisk utruleg godt å ha ein stad der eg berre er Jon. Å vera ordførar er ikkje nokon åtte til fire-jobb. Eg må kunne ha ordførarhatten på heile tida. Men heime i bygda er eg berre Jon på Høyen. Vi har eit fantastisk naboskap her i Sæbø, fortel han.

4H og Felleskjøpet

Jon har budd i Radøy kommune 80 prosent av livet sitt. Dei resterande 20 flaksa han litt rundt, som han sjølv seier. Radøy-ordføraren har budd i Trøndelag, på Austlandet og i Bergen.

I Vestlandshovudstaden jobba han tre år som fylkessekretær i 4H, ein periode av livet han ser tilbake på med stor glede. Det å få jobba med ungdom står nemleg hjartet hans svært nært.

Les også: – Den beste julegåva til Nordhordland

Etter 4H gjekk turen vidare til Felleskjøpet, der han byrja i det små, men raskt klatra i hierarkiet. Det var også her han trefte kvinna i sitt liv, Jorunn frå Volda. Det var saman med ho han flytta til Sæbø, og i løpet av nokre produktive år fekk dei tre gutar, som i dag er mellom 16 og 20 år gamle.

Tre fusjonar

At Jon går laus på ting med lyst og vilje er noko mange radværingar, nordhordlendingar og for den saks skuld pampar og politikarar i hovudstaden etter kvart har skjøna. Slik var det også i jobben i Felleskjøpet.

Då han byta ut kontoret i Bergen med ordførarklubba i Radøy, var han Felleskjøpet sin regiondirektør for dei tre vestlandsfylka.

Etter 16 år i Felleskjøpet-jobben har Jon opplevd ikkje mindre enn tre fusjonar, samt eit oppkjøp. Dette er erfaringar han har tatt med seg til jobben som kommuneleiar, og spesielt no når det til stadigheit vert snakka om kommunesamanslåing, føler Radøy-ordføraren at han sit på mykje kunnskap.

– Eg veit i alle fall kva spørsmål det er viktig å stilla i ein slik prosess, gliser han.

Respekt

Jon Askeland legg så og seia alltid igjen eit godt inntrykk der han har vore. Så skil han heller ikkje på folk. Han likar å prata med menneske i alle aldersgrupper og samfunnslag, og han høyrer på kva folk har å seia. Det fell han heilt naturleg.

– Eg er oppdradd til å møta alle med respekt, så det prøver eg alltid å gjera. Eg meiner det er viktig å vera tilgjengeleg, og eg har alltid søkt ny kunnskap. Og så er det så stor skilnad på folk. Det nokon mister nattesøvnen av, bryr ikkje andre seg om. Men det er like viktig å kunne snakka godt med begge partar, og der eg kan hjelpa, der prøver eg alltid å gjera det.

Les også: Rekordmange røysta på nett

– Samstundes er eg veldig klar på at eg ikkje kjem til å vera nokon sin saksbehandlar når dei kjem til meg med problem, utfordringar eller kva det måtte vera, fortel han.

Regionrådsleiaren

Til tross for at Jon Askeland har seks år som ordførar på nakken, er han altså som ein nokså fersk politikar å rekna. Likevel, då det skulle veljast ny regionrådsleiar blant ordførarane i Nordhordland, var det Askeland som vart løfta fram som den verdige etterfølgjaren til Håkon Matre.

– Dette var noko eg også måtte ta stilling til, og tenka nøye gjennom, men eg er veldig takksam for tilliten, og glad for at eg tok jobben. Det er då viktig å presisera at eg berre er ein av ni kommunale leiarar i regionrådet, og rolla mi er meir som prosessleiar enn noko anna. M

en regionrådsarbeidet er veldig kjekt, og vi har eit godt kollegium, seier Askeland, som samstundes nyttar høvet til å trekka fram den tidlegare regionrådsleiaren, dåverande Masfjorden-ordførar Håkon Matre.

– Eg er veldig takksam for jobben Håkon gjorde. Han er arkitekten bak modellen vi har no, ein modell som har løfta regionen vår mykje, seier han.

– Ein ny standard

I løpet av åra som ordførar og regionrådsleiar har Askeland opplevd mykje. Nokre saker er og har vore viktigare enn andre, og han innrømmer at det til tider er svært krevjande å sitta midt oppi desse når det stormar som verst. Men som han sjølv seier, då er det ekstra godt når vi oppnår gode resultat. Spesielt trekkjer han fram kraftlinjesaka, som han kallar ein stor siger.

– Her følte eg verkeleg at både eg sjølv og mine kollegar fekk brukt kunnskapane våre. Vi dreiv balansekunst på ei stram linje for å sikra integritet i alle leirar, og det er ikkje enkelt når det er mange engasjerte partar. Resultatet vart faktisk ein større siger enn eg trur folk er klar over, seier han.

Les også: Askeland: – Skulle vore gjort for lenge sidan

– Vi valde å orientera oss slik at vi kjempa for folk sine ønskje og krav, samstundes som vi lytta til dei ulike instansane i Oslo. Vi reiste til hovudstaden med eit minimumskrav, og var veldig tydelege. Det enda opp med ein sjeldan allianse mellom Miljødepartementet og Olje- og energidepartementet, som saman gjekk til Finansdepartementet. Enden på visa var ei løysing som er 200 millionar kroner dyrare enn den som var førespegla, ein pris som sparar mykje miljø. Med dette sette vi ein ny standard i slike saker, seier Radøy-ordføraren.

– Ikkje sentimental

På lik linje med Ulf Lundell trivst Jon Askeland best i opne landskap, og anten det er heime i Sæbø-bygda, i skjergarden i Nordhordland, på kona sin heimstad i Volda eller på landstaden i Breim-fjella er det naturen og samværet med familien som ladar batteria til ordføraren.

Han engasjerer seg i mykje, også på fritida, og både skulemusikk, idrett og andre kulturtilbod, spesielt for barn og unge, er noko han brenn for. Det å runda 50 år tar han ikkje spesielt tungt.

– Akkurat det er eg ikkje sentimental på i det heile tatt. Eg kjem til å vera den same Jon i morgon som eg er i dag, forsikrar han.

Kva framtida bringer kan han derimot ikkje gi nokon lovnader om.

– Framtida tar eg som den kjem, ein dag av gongen, gliser 50-årsjubilanten.

Artikkeltags