Ein verdig siste reis for kjæledyra

OSKE: Når kremeringa er ferdig skal oska takast ut av omnen. - Her er oska etter ei felleskremering, seier Atle Håtuft.

OSKE: Når kremeringa er ferdig skal oska takast ut av omnen. - Her er oska etter ei felleskremering, seier Atle Håtuft.

Artikkelen er over 6 år gammel

Randi og Atle Håtuft driv med noko litt utanom det vanlege. – Vi ønskjer å gjera dette til ein fin prosess, seier dei.

DEL

Det var berre tilfeldigheiter som gjorde at Atle Håtuft og Randi Kjosås Håtuft enda opp som eigarar av det einaste smådyrkrematoriumet på Vestlandet. Då Alver Smådyrkrematorium i haust vart lagt ut for sal, oppdaga ekteparet annonsa i avisa.

– Eg har lenge hatt eit ønske om meir aktivitet her på garden, noko eg kan driva med etter jobb. I og med at vi har fleire lokale tomme, tenkte eg at dette kanskje kunne vera noko, seier Atle.

– Mange synest det er rart

Dei to var ei stund usikre på om dette var noko dei skulle gjera, men tok ei avgjerd, og vann bodrunden. 15. januar gjennomførte dei den første kremeringa. Dei kallar seg no Bergen Smådyrkrematorium.

– Dette er ein uvanleg jobb samanlikna med mykje anna. Det tok litt tid før eg vende meg til tanken, seier Randi, som likevel synest dei gjer en viktig jobb.

– Sjølve kremeringa er berre det fysiske, dette handlar om så mykje meir enn det. Vårt ønske er å gje dyret ei verdig og fin avslutning på livet, seier dei.

Smådyrskremering er ein veksande trend , og i Norge er det ein aukande prosent av befolkninga som vil kremmera husdyret sitt etter at det har døydd. 20 prosent vil også ha oska tilbake, anten for å spreia denne, grava den ned eller oppbevara den i ei urne som eit minne.

– Vi har mange ulike urner eigaren kan velja mellom. Alt frå dei små og diskré, til dei som er litt større med ulike former, fortel Randi.

Kan bli sterkare enn forventa

Atle fortel at dei fleste eigarar som kjem til garden på Håtuft for å levera eit dyr, er prega av dødsfallet.

– Vi har full forståing for at det er tungt å ta farvel med eit nært familiemedlem, difor gjer vi dei den tida dei treng, seier Atle, som vidare fortel at eigaren sjølv bestemmer om dei vil vera med heilt inn til krematoriet, eller ønskjer å levera kjæledyet i eit anna rom.

– Det kan verta litt sterkt å sjå omnen, så eg førebur dei på korleis det ser ut før dei blir med, seier Randi.

Personleg

Sjølv om det stort sett er hundar og kattar som vert kremert, hender det også at andre smådyr som hamster, kaniner og fuglar vert får sin siste reis på denne måten

– Størstedelen av dyra kjem til oss gjennom dei vetrinærane og dyreklinikkane vi har avtale med. Mange føler at det er godt å få følgja dyret så langt som mogleg, og ønskjer difor å levera dyret sjølv her hjå oss. Det gjev dei tryggleik å kunne stilla spørsmål rundt prosessen, seier Randi, som vil gjera alt personleg og trygt for kunden.

– Også vi kan verta prega og trist, men har sjølvsagt eit litt anna forhold til det, fortel Randi.

– Denne jobben gir mening, avsluttar dei.

Artikkeltags