Ho er ein av 44 russ på Austrheim vidaregåande skule som har meldt seg til teneste til årets «Krafttak mot Kreft» i regi av Kreftforeningen.

– Det er mange av oss som har opplevd korleis kreften rammar, og som har lyst til å gjera det vi kan for å hjelpa, seier Camilla Hope Andersen. Alle dei fire jentene Nh snakka med har familie eller vener og kjende som har vore råka av kreft.

LES OGSÅ: Helse-ministeren vil ikkje redda mammografi-bussen

– Det er veldig mange som har fått kreft no i det siste, det gjer at vi får lyst til å hjelpa til, seier dei fire jentene som er klare til å gjesitt bidrag med innsamlingsbøssene. – Alle er berørt av det. Om eg hadde fått denne sjansen til å hjelpa og ikkje gjort det, ville eg hatt dårleg samvit, seier Ida Louise H. Fjellanger.

Tirsdag var det kick-off for russen på Austrheim sin kreftaksjon. Russen står sjølv for organisering og gjennomføring av aksjonen, og Kreftforeninga bidreg med det som skal til av materiell.

Imponert over engasjement

– Vi er imponerte over det store engasjementet russen har vist for aksjonen i år, ikkje berre her, men over heile landet, seier Morten Heszlein-Lossius frå Kreftforeningen. I fjor var det 26 russ frå Austrheim VGS som samla inn drygt 11000 kroner, i år har 44 meldt seg til teneste.

– Ein stor takk for at de stiller opp, det er utruleg kult, og noko vi set stor pris på, seier Heszlein-Lossius til russen. Formålet med aksjonen i år er å samla inn midlar som skal gå til forsking på personleg tilpassa behandling av kreft.

LES OGSÅ: Sterk melding til Russ 2013: – Ver så snill, la oss sleppa og klippa deg ut av eit vrak

– Målet er å finna den medisinen som er mest mogleg aggressiv mot kreften, og samtidig mest mogleg skånsam mot pasienten, seier Heszlein-Lossius. Kvar dag får 80 personar den tunge beskjeden om at dei har fått kreft, nærare 30000 i året vert råka.

Ein av tre får kreft

– Sjå på den som sit til venstre for deg, den som sit til høgre for deg og deg sjølv. Ein av tre får kreft, statistisk sett vil ein av dykk bli ramma, seier Heszlein-Lossius til russen.

– Lyspunktet er at mange av desse som vert råka kjem tilbake til livet sitt takka vera sånne som deg som gjer ein innsats. Utan pengar er ein forskar berre ein klok fyr som sit og tvinnar tommeltottar, utan dykk skjer det ingenting, seier han. Kreftforeningen har som mål å samla inn 25 millionar kroner under årets aksjon. Foreininga finansierer 25 prosent av all forsking på kreft i Noreg.

LES OGSÅ: Lokale ungdomar støttar kreftaksjonen