Eikanger skule har vorte dysleksivenleg

STOLT: Mathias Nyhammer Haugen, Katinka Namdal, rektor Lena Otterbu Fyllingen og Remi Fyllingen er veldig stolte av skulen si utmerking.

STOLT: Mathias Nyhammer Haugen, Katinka Namdal, rektor Lena Otterbu Fyllingen og Remi Fyllingen er veldig stolte av skulen si utmerking. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

LINDÅS: Eikanger skule er den aller fyrste skulen i Hordaland som får utmerkinga Dysleksivenleg skule. – Det har tatt oss fleire år, og vi har jobba hardt og målretta mot dette, fortel ein stolt rektor ved skulen.

DEL

– Det var veldig bra læringsmiljø her før, men no er det blitt endå betre, fortel Mathias Nyhammer Haugen (9).

Han er veldig stolt av skulen sin.

LES OGSÅ: – Dysleksien er ein motivasjonsfaktor

For å gjera skulen meir dysleksivenleg, er mange hjelpemiddel tatt i bruk. Mellom anna blir det lagt opp til at mykje av undervisninga går føre seg visuelt. Dette kan ein eksempelvis sjå på vekeplanane til elevane. Dei er fylt av mange bilde og lite tekst.

– Den visuelle tilnærminga kjem alle elevane til gode, ikkje berre dei som har dysleksi, fortel Rektor Lena Otterbu Fyllingen.

Ifølgje dysleksiforbundet sine nettsider er det berre 14 skular i Norge som har fått utmerkinga.

Smartskjermar

Klasseromma er utstyrt med smartskjermar som gjev fleire moglegheiter til ei visuell tilnærming, og no skal skulen gå til innkjøp av nye datamaskiner.

LES OGSÅ: Tajik vil at flere leser

– Det er klart at det kostar litt pengar, men det er ei prioritering som skulen har vald å gjera, seier rektor.

Det er ikkje berre enkelt å verta utmerkt som dysleksivenleg. Det krev fleire år med arbeid, og for å klara krava er skulen nøydd å oppfylle 12 kriterium.

Handlingsplan

Eit av hovudkriteria er at skulen må laga ein handlingsplan for arbeidet med lese- og skrivevanskar, og alle elevane ved skulen må kartleggjast ein gong i året Samstundes må også skulen ha implementert eit antimobbeprogram, og eit konfliktråd for handtering av små og store usemjer.

Gode dataprogram for betre læring må takast i bruk, og på det pedagogiske plan forpliktar skulen seg til å nytta dysleksivenlege metodar. Dermed har og lærarar måtte gå på kurs.

LES OGSÅ: Får sensitiv info om barn

– Arbeidet med å bli dysleksivenleg har lagt grunnlaget for ei total systemendring hjå oss, og tatt skulen fleire år. Men no ser vi at det kjem alle elevane til gode, og ikkje berre dei med lese – og skrivevanskar, seier Otterbu Fyllingen.

Ho er nytilsett som rektor på skulen, og rosar sin forgjengar for å ha gjort størstedelen av jobben.

– Eg kom inn her til duk og dekka bord seier ho.

Artikkeltags