– Du var med og gjorde ein fantastisk innsats for Frankrike, sa den franske forsvarsattacheen oberst Frédéric Bartéi under overrekkinga som fann stad i Åsane, heime hjå sonen til krigsveteranen frå Radøy, Stanley Pettersen. '
Pettersen vart tildelt Æreslegionen av ridder-klasse.
LES OGSÅ: «Når eg reiser herifrå skal dei også få medaljane mine»
Æreslegionen er ein fransk fortenesteorden skipa av førstekonsul Napoleon i Den franske republikken 19. mai 1802. Tanken var å skape ein æresbevisning som skulle erstatte dei kongelege ordenane og æresbevisingane. Ordensteiknet til Æreslegionen er ei stjerne med fem armar. Mellom armane finst kransar av laurbær og eik. I midten av stjerna sit eit bilete av eit kvinnehovud, eit symbol for republikken. Ordensbandet er i raudt. Æreslegionen kan tildelast borgarar av Frankrike og andre land for sivile eller militære fortenester. Ordenen kan òg tildelast posthumt. Innehavarar av første klasse får òg ein pensjon. Tildelinga skjer etter avgjersle frå presidenten eller storkanselliet etter innstilling av ein statsråd.
– Det er sjølvsagt ei ære og stor stas å få denne utmerkinga. Eg har vore veldig spent på denne dagen og har ikkje hatt blund på auga i natt, fortel John Pettersen.
Slagmarka i minnet kvar dag
Han var med i 99. Bataljon under kampane i Normandie, hendingar som har brent seg fast i minnet.
– Det er det som tyngjer meg – at eg hugsar alt. Eg tenker på slagmarka og hendingane der omtrent kvar einaste dag, seier Pettersen, som har fått mange utmerkingar og medaljar for innsatsen under 2. verdskrig.
Ein stor dag
For krigsinnsatsen er Pettersen tidlegare tildelt dei amerikanske dekorasjonane Bronze Star, Army Good Conduct Medal, European-African-Middle Eastern Campaign Medal og World War II Victory Medal.
LES OGSÅ: Lagar film om krigsveteran
Fredrik Rongevær og Johannes Fosse var mellom gjestane som var til stades og feira overrekkinga saman med Pettersen sin nære familie.
– Dette er ein stor dag, seier Rongevær, som var her som ven og som representant for Nordhordland Forsvarsforening.
– Denne utmerkinga er med og synleggjer den innsatsen Pettersen har gjort for fridomen, seier Åshild Thorsen ved Vestnorsk Utvandringssenter.
Formidlar historia
Ambassaden framheva også det arbeidet Pettersen har gjort med å formidla historia rundt 99. Bataljon og 2. verdskrig ved Vestnorsk Utvandringssenter.
– Det er flott at dette blir lagt merke til utanfor Radøy. Pettersen levandegjer og aktualiserer historia for nye generasjonar, seier Thorsen.
– Takk for bragda
Den 99. bataljon vart send til Europa, og gjekk i land I Normandie 21. juni 1944. The US commanding general har uttalt at « the Norwegians were the only infantry unit that his tanks had trouble keeping up with».
Den franske forsvarsattacheen framheva også John Pettersen sitt engasjement for sin gamle bataljon og andre krigsveteranar.
– Du har vore svært aktiv og gjort ein stor innsats for å halda liv i minna om krigsveteranane, ikkje minst knytt til monumenta ved Utvandringssenteret på Sletta. Eg vil takka for den bragda og det store motet du stod for under krigen, i frigjeringa av landet mitt, og det du har gjort i ettertid, sa representanten for den franske ambassaden.
LES OGSÅ: Heidra 70 år for seint
Wikipedia skriv at opp gjennom åra er ein del nordmenn vorte tildelt Æreslegionen, vanlegvis fordi dei har gjort ein særskild innsats for franske interesser. Kong Harald V er innehavar av storkors, det var òg Haakon VII og Olav V. Oberst Birger Eriksen er offiser.
Andre norske innehavarar er forretningsmann Knut Faremo, skodespelarinne Wenche Foss, kokk og president i Bocuse d'Or Europe Eyvind Hellstrøm, SN si spesialutsending for Libanon Terje Rød-Larsen og Arbeidarpartipolitikaren Oscar Torp.
Ved 60-årsmarkeringa av landgangen i Normandie vart ni norske krigsveteranar heidra med Æreslegionen: Gunnar Knudsen, Lars Arnholm, Anders O. Standnes, Johannes Helland, Antoni Lunder, Rangvald Myhre, Bertel Bjørvik, Enevold Falsen Schrøder og Johannes Bauge.
Ti år seinare fekk altså John Pettersen sin medalje.
SJÅ BILETA: Garden på besøk i Knarvik