AUSTRHEIM: Etter at familien var med på «Hellstrøm rydder opp hjemme» har dei fått eit nytt og betre liv.

– Vi er veldig takksam for hjelpa seier Cato Steindal til avisa Nordhordland.

LES OGSÅ: Cato gafla i seg over 100 kilo kjøttdeig årleg

5. februar er det eitt år sidan meisterkokken Eyvind Hellstrøm tok turen til Austrheim for å få Cato til å kutta ned på sitt enorme forbruk av kjøttdeig, så mykje som 100 kilo i året gjekk med. Hellstrøm tok dramatiske verkemiddel i bruk før å få Cato til å innsjå problemet, og troppa mellom anna opp med ein varebil med kjøtdeig for å visa kva Cato fekk i seg på eit år.

Inspirasjon

– Han har vore til stor hjelp og inspirasjon, eg er veldig takksam for den hjelpa vi har fått, seier Cato til Nh heime på Øksnes.

LES OGSÅ: - Eg har fått eit betre liv

Der i huset er det heilt slutt på ferdigprodukt, ingen fleire posesupper eller frosenpizza som smakar papp med tomatsaus. No vert det handla inn friske råvarer, maten vert laga frå botnen av, og det er fisk på menyen tre gonger i veka.

– Frå Eyvind kom og til no har eg tatt av 18,5 kilo berre på kosthald, kva vi får i oss har veldig mykje å seia, seier Cato, som er overraska over kor lite som skal til for å få stor effekt.

Betre liv

– Eg har hatt veldig godt av det, og har fått eit betre liv, eg vil absolutt anbefala andre å eta reine råvarer. Det fører mykje med seg, energinivået mitt er eit heilt anna enn det var, seier Cato.

LES OGSÅ: Karoline har gått ned 50 kilo - vil verta så fit som mogleg

Kjøttdeig har dei ikkje hatt i huset sidan.

– Det har gått ganske greitt, det har ikkje vore noko sakn. Om vi får mat med kjøtdeig i på besøk hjå vener så et vi det, men vi kjøper det ikkje sjølv, seier han.

Kona Renathe er gravid med andremann, og har termin på dagen eitt år etter Hellstrøm dukka opp på trappa. Ho har sjølv merka endringa i matvanene på kroppen.

– Førre svangerskap la eg på meg 16 kilo, denne gongen er det berre fire kilo, fortel ho.

Planlegging

Dei to lagar mykje mat saman, og går som regel på butikken i lag.

– Det gjorde vi ikkje før. Det er mykje kjekkare å handle no. Vi lagar middagsliste for ei heil veke, og handlar inn ein gong kvar veke, seier Renathe. Kvar veke har dei som mål å ha ein ny matrett på menyen.

LES OGSÅ: – Sjokolade er min største fiende

– Vi vil utvida mathorisonten vår, og hentar mykje inspirasjon frå Hellstrøm sine oppskrifter på nettet og kokebøker, seier dei to, som godt kunne tenka seg å ha Eyvind Hellstrøm på besøk nokre veker til.

– Min Eyvind

– Han gjorde stort inntrykk på sonen vår Aron (4) og. Kvar gong han ser Hellstrøm på tv seier han «ååå, min Eyvind», fortel Renathe.

På kjøkkenet har Aron eige leikekjøkken med panner og kokeplate og alt som høyrer til.

– Han lagar ofte Eyvind-wok der, seier ho. Aron likar godt middagsrettane foreldra diskar opp med.

– Han har blitt mykje meir kvikk og vaken, og likar godt å vera med å kutte og koka, seier mora.

Eyvind Hellstrøm er travelt oppteken for tida med innspeling av ny sesong, men tar seg tid til ein liten kommentar mellom opptaka.

–Bravo for Cato

– Ingenting gler meg meir enn å høyra om vellukka snuoperasjonar. Ein familie som har fått det betre og sunnare og forstått at god, naturleg mat spreier glede og energi i heimen, seier Hellstrøm til Nh.

– Bravo for Cato som verkeleg har forstått bodskapen og gjort noko seriøst med det, seier han.