Front mot front på E39 i Lindås

DEL

Ver heime sjølv om du er borte. Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Det melder Vest politidistrikt på Twitter klokka 13.56 fredag ettermiddag. Naudetatane rykte ut.

– Ulykka skal ha skjedd ved Gjervik i Lindås, opplyser 110-sentralen. To bilar er innvolverte.

Naudetatane er på staden, opplyste 110 sentralen klokka 14.01.

– Ingen personar er fastklemde. Så langt ser det ut til at det dreier seg om mindre personskader, seier vaktkommandør Arne Corneliussen ved 110-sentralen til BA.

Full stans i trafikken

Klokka 14.15 var journalist frå avisa Nordhordland på staden, og opplyste om at det var full stans i trafikken i begge retningar.

Det vart lange køar i begge retningar på E39 etter ulykka.

Det vart lange køar i begge retningar på E39 etter ulykka. Foto:

– Bilbergar er på staden og held på å fjerne den eine bilen, og det vert forsøkt å få den andre bilen ut av vegen og inn på ei busslomme like ved. Det er ein del kø i begge retningar.

Klokka 14.22 stod køa nesten fram til Lonsvegen i Knarvik - kring ein halv kilometer unna.

Det var store skadar på sidene av begge bilane etter ulykka, og det såg ut til at bilane ikkje hadde treft kvarandre direkte front mot front, men køyrd i kvarandre på sidene.

Artikkeltags