Desse plassane er det venta påske-kø

På sambandet Lavik-Oppedal blir det sett inn ekstraferje fredag, onsdag og 1. og 2.påskedag. Sjå tidspunkta lenger nede i saka.

På sambandet Lavik-Oppedal blir det sett inn ekstraferje fredag, onsdag og 1. og 2.påskedag. Sjå tidspunkta lenger nede i saka. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Arbeidet ved Bjørviktunnelen og Mundalsbergstunnelen tar pause frå palmehelga, men ved Lavik-Oppedal er det som vanleg venta kø.

DEL

Mange strekningar med vegarbeid held på fram til palmehelga, men tar fri i påskeveka. Dette gjeld til dømes Bjørsviktunnelen og Mundalsbergstunnelen på E39 mellom Knarvik og Oppedal.

Andre stader held vegarbeidet på lenger inn i påska, som til dømes mellom Gudvangatunnelen på E16 og Bømlafjordtunnelen på E39

Vegtrafikksentralen oppfordrar difor alle som skal ut å køyre om å sjekke trafikkmeldingane før dei legg ut på hjul.

– Sidan dette varierer litt, er det best å sjekke trafikkmeldingane i forkant av turen, slik at ein ikkje får seg ei overrasking, opplyser Vegtrafikksentralen.

Det er som vanleg venta stor trafikk på alle hovudvegar ut frå Bergen på utfartsdagane, og då spesielt på E39 og E16.

Kø ved Lavik-Oppedal

– På heimreisedagane ventar me tett trafikk og saktegåande kø på E39, E16 og fv. 7 inn mot Bergen. Me forventar òg auka trafikk og truleg ekstra ventetid på fleire fergesamband, særleg på Halhjem-Sandvikvåg og Lavik-Oppedal på E39.

På sambandet Lavik-Oppedal blir det sett inn ekstraferje fredag, onsdag og 1. og 2.påskedag i desse tidsromma:

  • Fredag før påske 14.30 – 21.00
  • Onsdag før skjærtorsdag 13.00 – 19.30
  • 1. påskedag og 2.påskedag 13.00 – 19.30

Over fjellet?

Vegtrafikksentralen minnar vidare om at dei som skal over fjellovergangane bør vere godt utstyrt, både for timar i kolonnekø og sjølve fjellkryssinga - sjå vedlagt dokument om kolonnekøyring.

– Dersom vêret blir bra, blir ofte fjellovergangane nytta som utgangspunkt for fine skiturar. Då vil me minne om at ein må parkere bilen godt utfor vegbana, helst på brøyta parkeringsplass og ikkje rett bak ein sving. Høge brøytekantar kan gjere vegen uoversiktleg, så tenk sikkerheit og gå heller på snøen heilt fram til bilen enn å traske langs vegbana, oppfordrar Vegtrafikksentralen i ei pressemelding.

 

Artikkeltags